Meir midlar til Regionalt miljøprogram

Frå 2013 vil den økonomiske ramma for Regionalt miljøprogram (RMP) i Rogaland vere på 32,9 millionar kroner. Det er ein auke på 8 mill. kr frå 2012, noko som skuldast at ordninga med tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel blir innlemma i RMP.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.07.2012

Tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel starta som ei pilotordning i 2008 og Rogaland var eit av fylka der ein i bestemte område kunne søkje om tilskott til å nytte miljøvenlege metodar for å spreie husdyrgjødsel. I Prop. 122 S (2011-2012), vedteken av Stortinget 14. juni 2012, er det bestemt at pilotordninga skal avsluttast og ordninga skal innarbeidast i Regionalt miljøprogram. Rogaland får frå 2013 ein auke i midlane til RMP på 8 millionar kroner for å innarbeide ordninga med miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. I 2011 blei det i Rogaland gitt om lag 4,7 mill kr i støtte til miljøvenleg gjødselpreiing.

Gjennom revideringa av RMP som no pågår, vil det bli føreslått nye og utvida område for tilskott. Det kjem strengare krav til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel ved at ein må nytte miljøvenleg utstyr og miljøvenleg spreiemetode ved all utkjøring av husdyrgjødsel på omsøkt areal. Truleg vil satsane bli justerte. Tilskottsordningar og førebelse satsar for Regionalt miljøprogram i Rogaland vil bli endeleg vedteken av styringsgruppa for Regionalt miljøprogram i desember 2012.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar