Målet med folkehelsearbeidet er å fremje fysisk, psykisk og sosial
helse og velvære. Vi skal leggje til rette for at innbyggarane får
fleire leveår med god helse, og at det vert færre helseskilnader
mellom ulike samfunnslag, etniske grupper og kjønn.
Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre sentrale styresmakter sine
satsingar og program på aktuelle område. Gjennom råd og rettleiing til
kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med å sikre
folkehelseperspektivet i kommunale, fylkeskommunale og statlege planar
for samfunnsutviklinga.
Folkehelsearbeidet skal styrkjast på alle forvaltningsnivå og i alle
samfunnssektorar, gjennom ein aktiv partnarskap som plasserer ansvar,
forpliktar og stimulerer til handling. Vi vil fokusere på at dei
tiltaka som vert sette i verk, er baserte på erfaring og kunnskap
gjennom forsking og utprøving.