Etter plan- og bygningslova skal kommunane utføre eiplanlegging som
samordnar den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle
utvikling innanfor sine område (§ 20-1). Det inkluderar kommuneplan med
arealdel for heile kommunen og meir detaljerte reguleringsplanar. Minst
eingang i løpet av kvar valperiode skal kommunestyret vurdere
kommuneplanen samla, herunder om det er nødvendig å føreta endringar og
rullere planen.
Medverknad frå grunneigarar, rettigheitshavarar, organisasjonar og
foreiningar er heilt sentralt i plan- og bygningslova. Eit levande
lokaldemokrati kan berre bli realitet ved at innbyggarane aktivt deltar
i den lokale forvaltninga. I tillegg skal og det regionale nivået som
landbruksavdelinga, miljøvernavdelinga og beredskapsavdelinga hos
Fylkesmannen, Statens vegvesen, Fylkeskommunen, Fiskerisjefen m.fl.
uttale seg til dei kommunale planane.
Landbruksavdelinga ynskjer å vere ein samarbeidspartnar ved utarbeiding
av planar, og ser det som svært viktig å kome med tidleg i
planprosessen og gje innspel undervegs i høve til nasjonale og
regionale mål. Landbruksavdelinga har eit særskilt ansvar for å vurdere
jordvern og omdisponering av dyrka mark.
Dersom eit planforslag er i strid med nasjonale eller regionale
målsetjingar, kan fylkeslandbruksstyret reise motsegn(innsigelse) mot
dette. Planforslaget kan då ikkje eigengodkjennastav kommunen før det
er funne ei løysing, enten ved at kommunen tek motsegna til følgje
eller gjennom mekling. Dersom det ikkje vert funne ei løysing, går saka
til avgjerd i Miljøverndepartementet.
Kommunane kan, når særlege grunnar ligg føre, gje dispensasjon frå
vedtekne planar. Saka må då sendast til uttale hos fylkesmannen,
fylkeskommunen og andre statlege myndigheiter som saka vedkjem.