Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Hopp til menyen
sauer på Vindhovden - Foto: Unn Jenny Utne Kvam

Driftsform for sau - ulik frå gard til gard

”Kvar mann si høna ”, sa Sponheim frå talarstolen på Stortinget. "Kvar bonde sin sau", seier me på landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland. Sauehaldet er ulikt frå gard til gard, og i forhold til regelverk og støtteordningar er det viktig å vere klar over skilnadene.
(23.09.2009 Oppdatert: 28.05.2010)
Les meir
Høner ute - Foto: Victor Jensen

Utbetaling av produksjonstilskot 6. februar

Den 6. februar vert det utbetalt produksjonstilskot etter søknadsomgangen med frist 20. august. Totalt i Noreg vil det bli utbetalt ca 4,5 milliarder kroner i tilskot.
(14.01.2008 Oppdatert: 28.05.2010)
Les meir
dyr_paa_beite - Foto: Not given

Ekstrautbetaling produksjonstilskot

I september har det vore ei ekstra utbetaling av produksjonstilskot, som fastsett i jordbruksoppgjeret i år.
(27.09.2007)
Les meir

Kommunesamling produksjonstilskot 15. august 2007

Påmeldingsfrist 12. august.
(01.08.2007 Oppdatert: 21.08.2007)
Les meir
Kyr på beite - Foto: Victor Jensen - Copyright: Not given

Produksjonstilskot- no er det på tide å søkje!

No er det på tide å søkje om produksjonstilskot i landbruket! Søknader kan registrerast frå og med 31. juli. Søknadsfrist er 20. august. Ved for sein levering vert det trekt kr 1000 av tilskotet per virkedag for seint levert!
(30.07.2007 Oppdatert: 31.07.2007)
Les meir

Overveldande oppslutning om internett-tilbod

Statens landbruksforvaltning hadde som mål å oppnå at 30 prosent av søkjarane leverte søknad om produksjonstilskot på internett.
(23.01.2006 Oppdatert: 09.10.2007)
Les meir
Avansert

Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei gruppe av direktetilskot i jordbruket med felles forvaltningsrutinar. Det er kommunen som handsamar og avgjer søknader om produksjonstilskot.
Krav til søkere
Foretak som driv vanlig jordbruksproduksjon og disponerer dyr og/eller areal, kan søke produksjonstilskot. Alle foretak som ynskjer å søkje produksjonstilskot må ved registreringstidspunktet:
 
·vere registrert i Enhetsregistret        
·vere registrert som meirverdiavgiftspliktig        
·kunne levere årsoppgåve som landbruksforetak       
 
Jordbruksavtalen
De ulike tilskotsordningane er beskrevet i jordbruksavtalen og i rettleiingsheftet. Alle regler som omhandlar kor mykje tilskot kvar einskild søkjar er berettiga, herunder tilskotssatsar, soner, regler for fastsetting av driftssenter og definisjonar av husdyrslag og vekstgrupper, framgår av avtalen. Her fastsettes og kva tilskot ein søkjer ved kvar søknadsomgang, samt registreringstidspunkt og søknadsfrist. Den inngåtte jordbruksavtalen for 2003/2004 har ført til nokre endringar knytt til produksjonstilskot og forvaltninga av tilskotsordningane.
 
Fylkesmannen hjelper Statens landbruksforvaltning med registrering, kontroll og kvalitetssikring av data i søknadene. Statens landbruksforvaltning har ansvar for hovudutbetalingane. Alle feilmelde søknader og opprettingar etter klagebehandling vert betalt ut av Fylkesmannen. Vi rettleier også kommunane i forhold til dei ulike tilskotsordningane.
 
(09.01.2004 Oppdatert: 05.07.2007)
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665