Etter ekteskapslova §26 skal alle ektepar med felles barn under
16 år møte til mekling før sak om seperasjon og skilsmisse
etter lovens §§ 20 og 22 blir teken opp til behandling av
Fylkesmannen.
Sambuarar med felles barn under 16 år skal også møte til mekling
ved samlivsbrot.
Vidare er det pliktig mekling i dei høve partane ønskjer å endra
eller gi tvangskraft til avtale om daglig omsorg, foreldreansvar
eller samvær etter reglane i barnelova, eller ønskjer å bringe
slik sak inn for domstolane til avgjerd. Mekling skal skje før
saka blir brakt inn for retten til avgjerd.
Føremålet med meklinga er å få i stand ei avtale om barna
vedrørande foreldreansvar, bustad og samvær. Meklinga skal
ikkje vere eit forsøk på å forsone foreldra.
Det er anledning til å bruke opp til 7 timar for å få i
stand ei slik avtale. Utgiftene til sjølve meklinga dekkjast av
det offentlege. Partane kan fritt velje meklar blant dei
oppnemnte meklarane i fylket, sjå
oversyn på Bufetat sine nettsider.
Dei må møte til mekling saman. Det er ikkje mulig å
forhindre separasjon ved å unnlate å møte til mekling.