Fleire små artar i søtefamilien på strandeng har
gått sterkt tilbake. Klokkesøte er framleis ikkje uvanleg frå Dalane til
svenskegrensa. Fylkesmannen er i gang med handlingsplanar for å stoppa
tilbakegangen for desse artane. Vi ber om hjelp frå alle som har kunnskap
om artane !
(13.08.2010)
Les meir
I ein rapport til Miljøverndepartementet går det fram at Noreg må redusere
utslepp av næringsstoff frå landbruk, avløp og fiskeoppdrett for å redde
dei store skogane av sukkertare.
(25.06.2010 Oppdatert: 28.06.2010)
Les meir
Den første graslåtten er over på
hekkeplassane for svarthalespoven mellom Orre og Reve i Klepp. Det store
spørsmålet er kor mange ungar som har overlevd i år.
(16.06.2010)
Les meir
Direktoratet for naturforvaltning har sendt på høyring framlegg til
forskrifter om vern av prioriterte artar og naturtypar. Det gjeld mellom anna
svarthalespove, elvemusling og stor salamander. Høyringsfristen er 23. juni
2010.
(26.03.2010 Oppdatert: 06.04.2010)
Les meir
Utkast til handlingsplan for sju trua karplanteartar er ute på
høyring. Plantane er ikkje viltveksande i andre fylke. Dei er vurdert
som kritisk eller sterkt trua i den norske raudlista. Fire av dei er
knytte til jordbrukslandskapet.
(25.03.2010)
Les
meir
Eit stort plantefelt av gran skal fjernast frå Vikaneset naturreservat i
Sauda kommune. Tiltaket betyr mykje for naturmangfaldet i dette
reservatet.
(26.01.2010 Oppdatert: 02.03.2010)
Les meir
Ein ung vandrefalk har funne sin faste eteplass utanfor eit hjørnekontor i
10. etasje hos Miljøvernavdelinga. Favorittretten er levande stare.
Samarbeidet med avdelinga er det aller beste.
(25.01.2010 Oppdatert: 27.01.2010)
Les meir
Dei nye froskane er ei kryssning mellom latterfrosk og damfrosk.
Bestanden i 2009 var på mellom 1500 og 3000 individ og vil sannsynlegvis
auke. Hybriden er ein framand art i Noreg og må ikkje spreiast.
(07.01.2010 Oppdatert: 23.04.2010)
Les meir
Til samen kr 230 176,- blir utbetalt i erstatning til saueeigarar i fylket i
desse dagar. Talet er noko lågare enn fjoråret.
(23.12.2009 Oppdatert: 25.12.2009)
Les
meir
Hjortejakta 2009 er utvida for kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord,
Tysvær og Jøseneset i Hjelmeland. Sjå detaljerte føresegner i lenkene
nedanfor.
(13.11.2009)
Les meir