Det å byggje og drift av taubanar er konsesjonspliktig. Fylkesmannen gir
konsesjon, og Taubanetilsynet gir driftsløyve. Forskrifta definerer taubane
som "bane for transport av gods eller person, kor tau trekk og/eller ber
lasta". Kabelbane tel ikkje som taubane. Dei fleste konsesjonssøknader som
Fylkesmannen handsamar gjeld skitrekk.
Før nokon sett igang med å byggje taubane skal dei søkje Fylkesmannen om
konsesjon. Fylkesmannen må og ha garantierklæring frå forsikringsselskap
for taubanen. Taubanetilsynet i Det Norske Veritas (DNV) undersøkjer om
grunnlaget for konsesjon er til stades. På grunnlag av dette gir
Fylkesmannen konsesjon til byggjing og drift av taubane.
Det er likevel ei forutsetning for drift at Taubanetilsynet gir
driftsløyve. Driftsløyve blir gitt når
taubana fyller alle tekniske og sikkerheitsmessige krav til drift.
Før nye taubaner blir satt i drift, skal Taubanetilsynet ha ei synfaring.
Taubanetilsynet skal ha jamnlege kontrollar for å vere sikker på at det er
god sikkerheit i taubana.
Det Norske Veritas (DNV) er taubanetilsyn i Noreg. Myndigheita er delegert
frå Samferdselsdepartementet. Taubanetilsynet blir finansiert gjennom ei
offentleg avgift som er øremerka aktiviteten og som blir kravd inn av Det
Norske Veritas.
Kontakt:
Telefon: (+47) 73 90 35 00
Telefaks: (+47) 73 90 35 44
Postadresse: Det Norske Veritas, Systemsertifisering og Myndigheitsoppdrag,
Ingvald Ystgaardsvei 15, 7496 Trondheim