Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Du er her: Miljøvern
Hopp til menyen
Avansert

Forskrift om fiske etter laks og sjøaure i vassdrag 2008 - 2012

Kopi av laks_paragraf
Fylkesmannen har vedtatt ny forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure. Forskrifta skal gjelde for perioden 2008-2012.

Overgangen til å forvalte etter gytebestandsmål, kombinert med eit sviktande lakseinnsig, har gjort det nødvendig å redusere fiskesesongen i mange vassdrag. Lokale fangstkvotar bidrar også til å redusere fangsten av laks.



Dei viktigaste endringane i høve til forskrifta for førre periode er:



-       Sesongen for laksefisket er korta inn ein halv månad i Flåmselva, Loelva, Nærøydalselva, Oldenelva og Stryneelva, som alle får sesong 1.7 – 15.8.



-       Sesongstarten i Gloppenelva blir utsett frå 1.6 til 15.6.



-       Sesongslutt blir endra frå 15.9 til 31.8 i Indrehusvassdraget og Sogndalselva.



-       Jølstra blir berre opna for sjøaurefiske 10.7 – 31.8 kl. 18 – 06.



-       Lærdalselva og Ytredalselva blir ikkje opna for fiske.



-       Sesongen i Kvamselva blir korta inn ein halv månad, slik at sesongen blir 15.6 – 15.8.



-       Fiskesesongen blir oppretthalde i Gaula, Nausta og Osenelva, fordi fisket er stramma inn gjennom lokale fangstkvotar.



-       I Årdalsvassdraget skal fisket avsluttast 15.9 (tidlegare 30.9 ovanfor Svalheim bru).



-       I tillegg er det vedtatt lokale reglar for å avgrense fisket i fleire vassdrag.



-       I nasjonale laksevassdrag skal bestandsoppgangen vurderast midt i fiskesesongen, slik at det kan settast i verk tiltak om nødvendig.


Brev med gjennomgang av høyringsmerknadene


Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure i Sogn og Fjordane

(19.02.2008 Oppdatert: 11.08.2009)

Relaterte artiklar
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no