Viltforvaltninga omfattar alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium.
Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde
skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir
tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og
fylkeskommunal planlegging, og det vert utarbeidd kart over viktige
viltområde i kommunane for å sikre viltinteressene i arealplanlegginga.
Skogbruket har eit eige ansvar for å ta vare på viltet og anna
biologisk mangfald ved drifta av skogsområda.
Jakt
Alt vilt er freda dersom ikkje anna er fastsett i lov eller vedtak med
heimel i lov. Direktoratet for naturforvaltning fastset jakttida for
dei jaktbare artane, men kommunane kan forlenge eller forkorte denne
for enkelte artar. Kommunane styrer det meste av viltforvaltninga,
medan fylkeskommunen har ein rettleiingsfunksjon og Fylkesmannen
er klageinstans.
Retten til jakt tilhøyrer grunneigarane. For å sikre ei forsvarleg
utnytting av ressursane, er det ønskeleg at rettshavarane utarbeider
driftsplanar. I dei fleste tilfella krev dette at fleire grunneigarar
samarbeider om forvaltninga over eit større geografisk område. I fylke
med villrein føregår forvaltninga stammevis over kommune- og
fylkesgrenser. Det er villreinutvala til rettshavarane som står
for den daglege forvaltninga, etter at driftsplan og kvotar er
godkjende av ei statleg villreinnemnd. Alle som driv jakt og
fangst, må vere registrert i jegerregisteret og betale ei årleg
jegeravgift. I tillegg må ein løyse jaktkort eller innhente løyve av
grunneigarane.
Fallvilt
Kommunane tek seg av fallvilt av elg, villrein, hjort og rådyr. Fuglar
og anna vilt som vert funnen dødt i naturen, er staten sin eigedom.
"Forskrift om ivaretakelse av dødt vilt” (Direktoratet for
naturforvaltning, 2004) listar opp artar som ein må søke løyve for å få
lov til å stoppa ut. Søknaden sendast til Direktoratet for
naturforvaltning. Søknad skal sendast av autorisert
preparant. Fylkesmannen har oversikt over autoriserte preparantar
i fylket.