Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Hopp til menyen

Viktig samarbeid i krisesituasjonar

Mange ulike organisasjonar går saman når viktige samfunnsfunksjonar vert råka av ei krise. Ei stor øving denne veka gav politi, helsevesen, Eid kommune, Forsvaret og Fylkesmannen betre innsyn i korleis samarbeidande etatar tenkjer og handlar i ein krisesituasjon.
(23.03.2007 Oppdatert: 01.06.2007)
Les meir
Beredskapsøving Flora kommune 01.09.2004 - Foto: Karin Husabø - Copyright: Not given

Kriseøving i Flora

2. september 2004 gjennomførde Fylkesmannen i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) kriseøving for kommuneleiinga i Flora kommune.
(06.09.2004 Oppdatert: 01.06.2007)
Les meir
Kriseøv. Hyllestad 2003 - Foto: Edvin Njøs - Copyright: FM Sogn og Fj.

Fredskriseøvingar i Sogn og Fjordane 2003

Fylkesmannen øvde Gulen, Solund og Hyllestad i mai 2003. Fokus på kriseleiing, informasjonsberedskap og krisekommunikasjon.
(13.06.2003 Oppdatert: 01.06.2007)
Les meir

Samordning ved fredskriser

(12.05.2002 Oppdatert: 17.11.2009)
Les meir
Avansert

Kontaktpersonar

Fredstidskriser

Fylkesmannen har eit stort ansvar ved kriser og katastrofar i fredstid.
 
Meteorologisk institutt har ein eigen beredskapsplan for varsel om ekstreme verforhold. Fylkesmannen skal vurdere om det skal varslast vidare til andre regionale etatar og til kommunane, og om det skal iverksetjast tiltak for å sikre liv og verdiar og avgrense skadeomfanget. Ved ekstremt ver vil Fylkesmannen bli varsla direkte av Meteorologisk institutt og av den lokale redningssentralen.
 
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd retningsliner for flaumvarsling. Fylkesmannen vert varsla direkte av NVE, og det er Fylkesmannen som vurderer om det er behov for å vidaresende flaumvarselet til ein eller flere kommunar. Fylkesmannen og dei involverte kommunane vurderer om eit flaumvarsel vil innebere skadeflaum, og om det er naudsynt å iverksetje tiltak. Det er eit lokalt ansvar å organisere denne beredskapen.
(29.10.2008 Oppdatert: 23.06.2010)
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no