Mattilsynet har oppretta varslingsteneste for bekymringsmeldingar på
internett. Her kan du enkelt melde frå om du er bekymra for dyrs velferd,
eller dersom du har blitt sjuk av mat eller drikke.
(16.08.2010 Oppdatert: 18.08.2010)
Les meir
Det er lite smitte av sjukdom frå dyr til menneske i Noreg, viser ein ny
rapport frå Veterinærinstituttet.
(02.08.2010)
Les meir
I 2007 starta eit tre-årig prosjekt ”Geit i vekst” som omfattar fylka
Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Prosjektet har hatt som
hovudmål å sikre ein framtidsretta geitmjølkproduksjon og oppnå status som
ein sjukdomssanert geiteregion.
(22.07.2010 Oppdatert: 28.07.2010)
Les meir
Den 21. juni gjekk første møte i vårt nye beiteutval av stabelen. Utvalet er
samansett av 5 representantar frå organisasjonane. Her vil ein ta føre seg
sakar i organisert beitebruk og anna som vedrørar beitebruk i fylket.
(25.06.2010 Oppdatert: 23.07.2010)
Les meir
Blåtunge er ein smittsam sjukdom som berre råkar drøvtyggarar, denne vart
første gong påvist i Noreg i fjor. No startar eit overvakingsprogram for
sjukdommen og målsettinga er å erklære Noreg fri for sjukdommen snarast.
(11.06.2010)
Les meir
Programmet til årets geitedagar i Geiranger 20.-22. august 2010 er klart.
Påmeldingsfrist: 18. juni.
(04.06.2010)
Les meir
Våren er i anmarsj, men i skrivande stund flyg det kvite snøfiller utanfor
vindauget her i Bergen. I fjor var det ein tidleg vår med god grastilvekst
tidleg i sesongen. I år kjem beitegraset litt seinare i gang. Vi får krysse
fingrane for at det vert ein god seinsommar og gode beiteforhold, noko som vi
ikkje hadde i fjor.
(13.05.2010 Oppdatert: 14.05.2010)
Les meir
Storfeprosjektet i Hordaland er ei vidareføring av fleire tidlegare prosjekt:
Økomjølk Vestlandet 2002-2003, Vi satsar på mjølk i Hordaland 2004-2006 og Vi
satsar på mjølk og storfekjøt i Hordaland 2006-2008.
(10.05.2010 Oppdatert: 11.05.2010)
Les meir
Blåtunge er ein virussjukdom som vert overført med artar av insektet
sviknott. Den aktive perioden for sviknott i Noreg startar snart og tidspunkt
vert avgjort av Mattilsynet. I denne perioden vert det restriksjonar for
flytting av dyr, dette gjeld fleire kommunar i Sunnhordland.
(23.04.2010 Oppdatert: 06.05.2010)
Les meir
Pålegg om at kyr skal ha tilgang til mjukt liggeunderlag gjer at ein må
følgje ekstra opp at klauvhelsa til kyrne er god. Mange bønder er gode
klauvrøktarar og gjer denne jobben sjølve, andre leiger inn profesjonelle
klauvskjerarar som gjer jobben effektivt og godt.
(21.04.2010 Oppdatert: 06.05.2010)
Les meir