Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Nye fisketider for laks og sjøaure 2008 - 2012

Fluefisker
Fylkesmannen har sendt ut framlegg til nye reglar for fiske etter anadrom fisk i vassdraga for dei neste fem åra. Etter innspel frå elveeigarlag, kommunar, sportsfiskarar og andre vert ny forskrift fastsett med verknad frå 1. mars 2008. Høyringsfristen er 15. januar 2008.
Målsetjinga med fiskereglane er å sikre dei einskilde lakse- og sjøaure-bestandane i eit langt tidsperspektiv. Samstundes skal laksen sine leveområde forvaltast slik at naturen sitt mangfald og produktivitet vert bevart. I samsvar med internasjonal praksis skal ei føre-var tilnærming leggjast til grunn for lakseforvaltninga.
 
Innanfor desse rammene legg dei nye fiskereglane i Rogaland opp til at flest mogeleg skal kunne ha nytte og glede av lakseresurssane, anten det gjeld sportsfiskarar, grunneigarar eller reiseliv.
 
Med bakgrunn i utviklinga i fangst- og bestandsstatus for laks og sjøaure dei siste åra, vert det gjort framlegg om ei klar innskjerping i fisketidene for mange elvar i fylket. Dette gjeld særleg vassdraga i Ryfylke. Fylkesmannen rår og til at elveeigarlaga og andre med fiskerettigheiter,  heile tida vurderer behovet for lokale reguleringar, til dømes i fisketider og reiskapsbruk.
 
Nedanfor finn du lenkjer til framlegget ny fiskeforskrift, og grunnlaget for dei vurderingane som endringane i forskrifta byggjer på.
 
(04.12.2007 Oppdatert: 21.05.2008)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Nettadresse: www.fylkesmannen.no/rogaland - E-post: postmottak@fmro.no - Tlf.: 51 56 87 00
Postadresse: Postboks 59, 4001 Stavanger - Besøksadresse: Lagårdsveien 78, Stavanger
Fakturaadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Fakturamottak SSØ, Postboks 4104, 2307 Hamar
 Org.nr. 974763230