I brev til Rogaland Sau og Geiteavlslag (RSG) syner Fylkesmannen til
oppslag i Suldalsposten og i Ryfylke der laget lovar dusør både for
felte jerv og til dekning av transportutgifter av jegerar med snøskuter og
helikopter i samband med lisensjakt på jerv.
I Viltlova § 51 står det at skotpremie "kan bare fastsettes for viltarter
som har jakttid og som gjør skade". Sidan det ikkje er jakttid på jerv, kan
ein heller ikkje utbetala skotpremie (dusør).
Det er heller ikkje lovleg å nytta motorisert framkomstmiddel under jakt,
sjå Viltlova § 21. Tilbodet frå RSG er heller ikkje i samsvar med
regelverket i Lov om motorferdsel i utmark.
Fylkesmannen er sterk kritisk til utspelet frå Rogaland Sau og
Geiteavlslag, og bed laget straks trekkje attende tilbodet om dusør og
transportstøtte ved jakt. I motsett fall vil Fylkesmannen vurdera melding
til politiet.