Hopp til innhold
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Frukt og Bær
Fylkesspegel
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Regplan

Rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar

Rettleiaren til Miljøverndepartementet skal vere eit hjelpemiddel for planleggjarar og andre som medverkar i utforminga av reguleringsplanar etter plan- og bygningslova.
(27.01.2012)
Les meir
Kommunal planstrategi

Rettleiar: Kommunal planstrategi

Rettleiaren er utforma til bruk for kommunar, fylkeskommunar, statlege etatar, organisasjonar og institusjonar som deltek i arbeidet med kommunal planstrategi.
(27.01.2012)
Les meir
Naturmangfaldloven kap 2

Rettleiar til naturmangfaldlova kapittel II

Miljøverndepartementet har laga ein rettleiar til naturmangfaldlova kapittel II. Rettleiaren skal gje innsikt i korleis omsynet til naturmangfald skal vektleggjast og avvegast mot andre samfunnsinteresser.
(27.01.2012)
Les meir

Lovlegkontroll med høyringsfråsegner i vindkraftsaker

Fylkesmannen har fått spørsmål om å prøve Flora kommune sitt vedtak om fråsegn til konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing til Guleslettene vindkraftverk.
Fylkesmannen har svara at vi ikkje har mynde til å prøve kommunen si fråsegn i konsesjonssaka.
(26.01.2012)
Les meir

Klage på konsesjon for Yndestad kraftverk

Fylkesmannen klagar på vedtaket om konsesjon til utbygging av Yndestad kraftverk i Kvamselva i Gaular kommune. Ei utbygging vil ha stor negativ verknad på utvandring av smolt, og elva sin produksjonskapasitet for laks og sjøaure vil bli vesentleg redusert.
(26.01.2012)
Les meir
Kriseinformasjon - Foto: DSB - Copyright: DSB

Felles nettportal for kriseinformasjon

Statsminister Jens Stoltenberg lanserte sist veke nettportalen Kriseinfo.no, som skal formidle viktig informasjon frå styresmaktene før, under og etter kriser.
(26.01.2012)
Les meir

Lovlegkontroll som tryggleiksventil

Fylkesmannen kan overprøve avgjerder gjort av kommunale folkevalde organ for å sikre at dei ikkje er ulovlege. Dersom Fylkesmannen meiner det er gjort eit ugyldig vedtak, skal han oppheve det.
(26.01.2012)
Les meir
Haustemaskin for bringebær - Foto: Torbjørn Takle

Bringebærfylket styrkjer posisjonen

Sogn og Fjordane planta 110 000 av dei totalt 145 000 bringebærplantene i yrkesdyrkinga i 2011. Det vert framleis satsa på ein kombinasjon av levering til ein stadig aukande konsummarknad og ein industri i stor mangel på norske råvarer.
(26.01.2012)
Les meir
Barn med klosser - Foto: Microsoft - Copyright: Not given

Øie-utvalet føreslår ny barnehagelov

Utvalet har sett på utfordringar når barnehagane i framtida blir finansiert gjennom rammene til kommunane, og kjem no med forslag til ny lov for barnehagen - NOU 2012:1.
(25.01.2012)
Les meir
Ureiningstilsyn

Ureiningstilsyn 2011

Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen fører tilsyn med ureiningsfare, kjemikaliebruk og avfallshandtering.  I 2011 deltok Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 4 landsomfattande kontrollaksjonar og 1 felles risikoaksjon. I tillegg er det gjennomført 2 revisjonar. Til saman vart det utført om lag 75 ureiningstilsyn.
(24.01.2012)
Les meir
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 64 30 00 -fmsfpost@fylkesmannen.no  - Organisasjonsnummer: N-974 763 907