Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Laksefiske i vassdrag 2008-2012

Kopi av laks_paragraf
Fylkesmannen har sendt på høyring eit forslag til ny forskrift for fiske etter laks og sjøaure i vassdrag.
Forslaget til ny forskrift er utarbeidd etter retningsliner frå Direktoratet for naturforvaltning. Vi har også vurdert bestandsstatus og for mange laksevassdrag gytebestandsmål, men også innspel frå lokal forvaltning. Høyringsfristen er 20. januar 2008.
 
Dei viktigaste vurderingane og forslaga til endringar:
  • Den ytre fisketidsramma er framleis 1.6 – 31.8, men det kan gjerast unntak.
  • I vassdrag med god lokal forvaltning har det vore opna for at reglane skulle utarbeidast lokalt, og at det lokale regelverket skal liggje til grunn for den føreslåtte fisketida.
  • Generell hovudfisketid 15.6 - 31.8 er foreslått vidareført for vassdrag som ikkje er nemnd spesielt i forskrifta.
  • Det er foreslått å ikkje opne for fiske i Lærdalselva, Jølstra og Ytredalselva (Vadheim) og å ikkje opne for laksefiske i Aurlandselva.
  • Det er foreslått å avslutte fisket 31.8 i Daleelva (Høyanger), Vikja, Sogndalselva og Indrehusvassdraget, og dermed ikkje opne utover den ytre fisketidsramma.
  • Det er foreslått å korte inn laksesesongen ein halv månad i Nærøydalselva, Flåmselva, Stryneelva, Loelva og Oldenelva ved å avslutte laksefisket 15.8.
  • Det er foreslått å korte inn sesongen til to månaders laksefiske i Kvamselva, Osenelva og Gloppenelva.
  • Det er foreslått at sjøaurefisket får halde fram med sesong til 15.9 i dei fleste sjøaurevassdraga, og at fisket i Årdalsvassdraget skal avsluttast samtidig med dei andre elvane.
  • I nasjonale laksevassdrag skal bestandsoppgangen vurderast midt i fiskesesongen.
 
 
(05.12.2007)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no