Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Miljøfyrtårn
Miljøstatus Sogn og Fjordane
Klimaarbeid i Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Framtidsfylke
Frukt og Bær
Du er her: Hovudside
Hopp til menyen
Avansert

Flora-budsjettet godkjent, men halltilskot var ulovleg

Florø bystyre sitt vedtak om å gi 5 mill. kroner i tilskot til idrettssenteret var ulovleg og vedtaket er blitt oppheva. Budsjettet er godkjent, men kommunen må endre det seinare på grunn av utbytet frå Sogn og Fjordane Energi (SFE).
Halltilskotet
Fylkesmannen har konkludert med at Flora bystyre sitt vedtak om å nytte 5 millionar kroner av forventa ekstraordinært utbyte frå SFE som tilskot til Flora Idrettssenter AS var ulovleg.
 
Alle inntekter og utgifter skal disponerast i samsvar med det kommunale budsjettet. Dersom det gjennom året blir kjent at det blir endringar i inntektene til kommunen, skal desse først leggjast inn i budsjettet ved budsjettrevisjon. Fylkesmannen meiner det er særleg viktig at vesentleg auke i inntektene må sjåast i samanheng med dei økonomiske utfordringane kommunen elles har. Ikkje minst må kommunen vurdere om ekstrainntekter kan nyttast til å nedbetale underskot frå tidlegare år og om inntektene gir følgjer for økonomiplanen for komande år.
 
Dei delane av bystyrevedtaket som ikkje var endelege, men berre intensjonar om å vurdere endringar i låneforholdet, har ikkje Fylkesmannen vurdert i lovlegkontrollen. Det kan først bli aktuelt når avgjerda av realitetar er gjort.
 
Lovlegkontrollen er gjennomført i medhald av kommunelova § 59 nr. 5 om Fylkesmannen sin rett til å ta opp saker på eige initiativ. Mindretalet i bystyret meinte også at bystyrevedtaket var ulovleg.
 
Budsjettet for 2008
Kommunen er underlagt statleg godkjenning og kontroll (innmeldt i Robek), og kommunelova krev då at Fylkesmannen kontrollerer om budsjettvedtaket er lovleg.

Fylkesmannen har godkjent budsjettet, men føreset at det som
er omtalt og vedteke i eige brev om lovlegkontroll vert vurdert i første budsjettrevisjon.
 
Kommunen har ein stram økonomi. I økonomiplanperioden må kommunen omdisponere, omprioritere og saldere for nærmare 50 mill. kroner. Saman med høg lånegjeld, tyngande kapitalutgifter og ingen frie reservar, betyr det at kommunen har store oppgåver framfor seg for å oppnå ein reell balanse i økonomiplanperioden.
 
Kommunen har i omstillingsprogram og saldering av økonomiplanen omtalt korleis dette skal gjennomførast. Vi vil følgje opp at kommunen gjennomfører dette i framtidige plan- og styringsdokument. Vidare meiner vi at kommunen må vurdere å nytte auka inntekter til nedbetaling av underskot og avsetting til frie reservar. Jf. slik det er omtalt og vedteke i eige brev om lovlegkontroll av disponering ekstra utbytte frå SFE A/S.
 
Fylkesmannen følgjer opp kommunen og vil difor ha tilsendt kvartalsvise rapportar, som i eit samandrag viser status i høve rekneskap, forpliktande plan- og omstillingsarbeid.
 
(07.03.2008)

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no