bakgrunn hjemmeside fadder
Du er her: Fadderprosjekt
Hopp til menyen

Er du interessert i Inn på Tunet? Kom på samlingane i Sunnhordland!

I samband med Fadderprosjektet vårt har Nybrukarane signalisert interesse for å sjå på Inn på tunet som eit interessant verksemd og eit høve dei vil sjå nærmere på. Me har to samlingar no i november som me vil anbefale å vera med på.
Fagforum Inn På Tunet møtes 5. november i Kvinnherad trykk på lenken for å få meir informasjon

Kva samfunns- og brukargrupper er aktuelle samarbeidspartnarar i framtida, og kva forventar kjøparsida av tilbydarsida for å få i gang ein god idèutveksling og dialog? Korleis skal Inn på Tunet tilbydarar bli flinkare til å synleggjera seg sjølve og aktivitetstilboda på ein profesjonell måte? Dette er to viktige spørsmål som samlinga i år tek sikte på å diskutera med fleire spennande innlegg. Med det er óg sett av tid til å diskutera og få med seg råd og hint i kaffipausene.

Samhandlingskonferanse for Inn på Tunet 9. november trykk på lenken for å få meir informasjon

Inn På Tunet - løft - kommunane Sveio og Karmøy arrangerer i samarbeid ein dagskonferanse om korleis Inn på Tunet - tilbod kan vera til nytte for ulike etatar i kommunane. Gode eksempel, tverretatleg samarbeid og bestillarkompetanse er nokre av stikkorda for dagen.

Detailjert program finn du her:

Fint om de gje melding til Bastian Hoffmann dersom de deltar, slik me kan fylgja dykk opp seinare!
(01.11.2011)
Avansert
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Hordaland, Kaigaten 9, 5020 Bergen - 55 57 20 00 - postmottak@fmho.no, org.nr: 974760665