Tilsyn med meldingar til barnevernet i Møre og Romsdal

I 2015 og 2016 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal ført tilsyn både med korleis barneverntenestene arbeider med meldingane til barnevernet og korleis meldarane får tilbakemelding. Dette har vore ein del av eit landsomfattande tilsyn.

På landsbasis vart det avdekt alvorleg svikt i arbeidet med meldingane i fleire tenester. Dette kan ha ført til at meldingar som burde ha vore undersøkt er lagt bort slik at barn ikkje har fått hjelp. 

Fylkesmannen vurderer at dette ikkje er tilfelle i dei tenestene som er undersøkt i Møre og Romsdal. Tilsynet omfatta følgjande kommunar i vårt fylke: Giske, Haram, Hareid, Ulstein, Volda, Ørsta, Ålesund, Smøla, Aure, Surnadal, Halsa og Rindal.

 

Fylkesmannen har trekt tre hovudkonklusjonar frå tilsynet: 

  • Vi fann ikkje meldingar som ikkje var mottekne og avklara slik som lova krev.
  • Det mangla dokumentasjon av barnevernfaglege vurderingar i mange av sakene.
  • Fleire tenester ga ikkje tilbakemelding til alle som hadde meldt saka til barnevernet.

Etter tilsynet har alle tenestene gjennomført tiltak for å rette manglane og dei vil gjere nye kontrollar for å sikre at praksisen i framtida er i samsvar med lovkrava.  

For å sikre forsvarlege tenester er det svært viktig at kommunane både dokumenterer dei barnvernfaglege vurderingane og sørgjer for at alle som har meldt uro for barn får tilbakemelding!