Akuttberedskap i barneverntenestene

Satsinga i 2018 har gjeve resultat!

Dei fleste barn i Møre og Romsdal har nå tilgang til akuttberedskap i barnevernet alle dagar heile året! Fylkesmannen hadde dette som eit satsingsområde i 2018 og mange kommunar har fått prosjektskjønnsmidlar til dette formålet. Etter kommunane si rapportering ved årsskiftet er statusen i fylket slik:

  • 29 av kommunane har etablert ei ordning for akuttberedskap. 
  • 7 av kommunane på Søre Sunnmøre har ikkje formalisert akuttberedskap enda. Dei arbeider med denne saka og ser nå på to konkrete modellar for å organisere dette i løpet av året.

Kontaktpersonar