Betre oppvekst

Betre oppvekst er Fylkesmannen i Møre og Romsdals si satsing på barn og unge. Under visjonen «Betre oppvekst for barn og unge i Møre og Romsdal» skal fylkesmannen alltid ha barn og unges oppvekstvilkår i fokus.

  


21.10.2014

Samarbeidsavtale om barn og unge er klar




Om satsinga Betre oppvekst

Fylkesmannens mangfaldige embetsoppdrag krev at vi løyser oppgåver knytt til målgruppa barn og unge på tvers av avdelingane. Med «barn og unge» tenker vi alle barn og unge frå 0 – 20 år.

Forankring i strategiplanen

Satsinga er eit samarbeids- og samordningstiltak for heile embetet, og har vore forankra i embetet sin strategiplan. Satsinga er også vidareført for perioden 2017 2020; jf. kortversjon av FMMR Strategiplan 2017-2020. Hovudmål for BO-satsinga er at barn og unge sine oppvekstkår skal bli vurdert i alle avgjersler og i all aktivitet hos FMMR. Satsinga skal både direkte og indirekte føre til at arbeidet retta mot gruppa barn og unge skal blir meir heilskapleg og målretta, i tråd med Barnekonvensjonen.

Fire strategimål

Det er utarbeidd fire strategimål som satsinga «Betre oppvekst» skal bygge vidare på for å trygge barn og unge sin oppvekst. For å kome fram til dei fire strategimåla  har vi tatt utgangspunkt i mellom anna FN sin barnekonvensjon, Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin strategiplan, embetsoppdraget og nasjonale føringar frå fleire departement. Dei fire måla er:

  • - sikre medverknad
  • - betre det fysiske oppvekstmiljøet
  • - betre det psykososiale oppvekstmiljøet
  • - redusere dei negative konsekvensane av sosiale skilnader