Barnekonvensjonen fyller 25 år

Barnekonvensjonen jubilerer.
Barnekonvensjonen jubilerer.

20. november er det 25 år sidan FN si generalforsamling ratifiserte Barnekonvensjonen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer denne dagen til storstilt feiring av jubileet.

Feiringa skjer på Hotel Alexandra i Molde, med spesielt inviterte gjester  frå kommunar og statlege etatar i Møre og Romsdal.

Gjennom denne jubileumsfeiringa ønskjer Fylkesmannen å gje barn og unge sine oppvekstvilkår enda større merksemd, og vise at Barnekonvensjonen må og skal nyttast om vi skal ha barn og unge sitt beste i fokus.

Fylkesmann Lodve Solholm, rådgjevar Terri Senior i Røde Kors, fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og biskop Ingeborg Midttømme er blant dei som held innlegg. 

Dokument