Barnekonvensjonen i praksis

1. og 2. november samla Nasjonal gruppe for Barnekonvensjonen 50 deltakarar frå snart alle fylkesmannsembeta og fleire direktorat på Voksenåsen i Oslo. Korleis barnekonvensjonen vert brukt i det daglege arbeidet hos Fylkesmannen, i direktorat, i kommune og i frivillig organisasjonar var tema for dagane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2016

Fylkesmannen har eit ansvar for at Barnekonvensjonen skal bli kjent og brukt i kommunane. Då må fylkesmannen sjølv kjenne til artiklane i konvensjonen. Eivind Pedersen frå fylkesmannen i Troms leiar ei nasjonal arbeidsgruppe for barnekonvensjonen. Rådgivarar frå seks ulike embete sit i gruppa. "Det er vårt ansvar som regional statsmynde å sørge for at barnerettane blir tatt i vare» sa Pedersen når han opna årets konferanse.

Norge leverte 6. oktober rapport til FN sin barnekomité om tilstanden for barnerettighetene i landet. Barne- og likestillingsdepartementet presenterte denne. Vidare orientere både helsedirektoratet og arbeids- og velferdsdirektoratet om korleis dei arbeider med barnerettar.

Sagene bydel la fram sitt arbeid med heilskaplege tenester til barnefamiliar i NAV. Stavanger viste til ei ny tenking i planarbeid. Dei brukte dataspelet Minecraft for å få barn og unge til å medverke i byplanlegging. Sivilombudsmannen og Barneombodet for å seie noko om sin rolle som vaktarar av barn sine rettar.

Mange var med å gjorde dette til to spennande og inspirerande dagar. I høgremenyen finn du meir informasjon.