Eit byks i riktig retning

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har ferdigstilt samlerapporten frå kommunekartlegginga om barn og unge sine oppvekstvilkår i Møre og Romsdal. Rapporten har vi valt å kalle BarneByks.

Arbeidet kommunane har gjort representerer eit stort løft for å sette barn og unge sine interesser på dagsorden. Dette er eit byks i riktig retning. Kartlegginga gir eit godt grunnlag for å planlegge og sette i gang tiltak for betre oppvekstvilkår i lys av FNs Barnekonvensjon.

Barn og unge er eit prioritert satsingsområde både hos Fylkesmannen og fylkeskommunen.

Våren 2015 blei alle kommunane spurt om å vere med på eit felles løft for å sette barn og unge sine oppvekstvilkår på dagsorden. Formålet var å avklare status og utfordringar knytt til fleire sider av oppvekstvilkåra, der Barnekonvensjonen står sentralt. Kommunane har svara på 42 spørsmål om korleis tilbodet er og kva type samhandling og strategiar som er lagt til grunn for å skape gode, trygge og utviklande oppvekstmiljø til barnets beste.

Nasjonalt utgjer barn og unge under 20 år i underkant av ein fjerdedel av befolkninga. Dei er den viktigaste ressursen vi har i fylket vårt. Fylkesmannen og fylkeskommunen har gjennomgått alle kartleggingssvara frå kommunane, summert og stilt svara saman for heile fylket. BarneByks har gitt ein god peikepinn på både status og utfordringsbilde for barn og unge sine oppvekstvilkår i fylket Saman med kartlegginga gjort i den enkelte kommune håpar vi kommunane vil bruke rapporten som eit godt kunnskapsgrunnlag, eit nyttig verktøy og ei inspirasjonskjelde til å arbeide vidare med og for barn og unge i Møre og Romsdal.

Rapporten ligg til grunn for Oppvekstkonferansen 2016 med tittel «Våre barn - felles ansvar» som blir arrangert i Ålesund 20.-21. september.