Leikeplassar - Fylkesmannen sine råd i plansaker

Planlegging av gode og trygge oppvekstmiljø for barn og unge er ei viktig kommunal oppgåve.  Tilrettelegging i nærmiljøet bidrar gjerne til betre helse, trivsel og oppvekst.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har utarbeidd ein eigen rettleiar som oppsummerer viktige rammer og føringar for å styrke barn og unge sine interesser i kommunale plansaker.

Vi håper at dokumentet vil vere til praktisk nytte i det kommunale planarbeidet, men at det også kan vere av interesse for private konsulentar, utbyggarar, lag og organisasjonar.

Dokumentet er basert på Fylkesmannen sine erfaringar som høyringsinstans i kommunale plansaker etter plan- og bygningslova.