Tilsyn

Statsforvaltaren i kvart fylke gjennomfører tilsyn med kommunen og fylkeskommunen som skuleeigarar, og med enkeltskular.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.06.2015, Sist endra 14.01.2021

Dette omfatter både grunnskular, vidaaregåande opplæring og vaksenopplæringstilbod.

Utdanningsdirektoratet gjennomfører tilsyn med friskuler, folkehøgskular og andre private skuler som får statstilskot.

I tilsyna blir det kontrollert om kommunar og skular oppfyller pliktene sine etter sentral regelverk. Kva for tema og kva for kommunar eller skular det blir ført tilsyn med blir gjort ut frå ei risikovurdering.

Frå januar 2018 har vi nytt felles nasjonalt tilsyn på opplæringsområdet. Tilsynet omhandlar offentleg og frittståande skular og strekkjer seg over fire år.

Desse tema inngår i felles nasjonalt tilsyn 2018 – 2021:

  • skulens arbeid med elevenes utbytte av opplæringen
  • skulebasert vurdering
  • spesialundervisning
  • skulemiljø
  • grunnskuleopplæring til vaksne
  • vidaregåande opplæring til vaksne»

Har du mistanke om at du har opplevd brot på regelverket?

  • Gjeld det ein skule eller kommunen som skuleeigar, kan du kontakte Statsforvaltaren .
  • Gjeld det ein friskule (privat skule), kan du også kontakte Statsforvaltaren .

Rapportar frå Statsforvaltaren sine tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit finn de her: Tilsynskalender

Elles viser vi til meir informasjon om tilsyn  på Utdanningsdirektoratet si heimeside www.udir.no