Fiskeforvaltning

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


13.07.2020

Sjøauren treng hjelp

Det står ikkje bra til med sjøaurebestandane i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil no samarbeide med lag og foreiningar om ei omfattande kartlegging av leveområda til sjøauren. 

01.07.2020

Høyring av nye forskrifter om fiske etter anadrome laksefisk i sjø og vassdrag

Miljødirektoratet foreslår omfattande endringar i forslag til nye forskrifter.

30.06.2020

Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal

Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal er ferdigstilt etter høyringsrunden. Planen omhandlar utsettingar av anadrom laksefisk og innlandsfisk i regulerte vassdrag.

06.05.2020

Registrer sjølaksefisket innan 1. juni 2020

Det er registreringsplikt for alle som skal fiske i sjøen etter laks med fastståande reiskap. Registreringa finn stad direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/. Innlogging skjer via ID-porten. Registeret har òg betalingsløysing for fiskaravgifta.

31.03.2020

Reglar om fiske etter laks og sjøaure ved utløp av vassdrag (munningsfredingssoner)

Våren er tid for sjøaurefiske i sjøen for mange. Det er viktig å ha kjennskap til reglane for fiske utanfor elvemunningane i fylket, sidan mange sjøaurebestandar i fylket er i dårleg tilstand. I munningsfredingssonene er det ikkje lov å fiske sjøaure på denne tida av året.

19.02.2020

Revisjon av fisketider for laks og sjøaure

Miljødirektoratet skal gjennomføre hovudrevisjon av regelverk for fiske etter laks og sjøaure i elv og sjø før sesongen 2021. Fylkesmannen inviterer til å kome med innspel til fiskereguleringane.

22.01.2020

Fangststatistikk for laks og sjøaure i elvane Møre og Romsdal 2019

I 2019 vart det rapportert inn ein totalfangst av laks (avliva + utsett) frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 24,3 tonn. Dette er ein liten oppgang på 0,8 tonn frå 2018, som var eit svakt år. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 5,1 tonn. Eira og Driva kom deretter med 2,6 tonn. Overvakingsfisket i Rauma gav over 2 tonn og viser at elva er på veg opp igjen. Sjøaurefangsten i fylket var på historisk botnnivå med 2,7 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 548 kilo.

01.11.2019

Rauma friskmeldt for Gyrodactylus salaris

Elvane i Raumaregionen vart i dag friskmelde etter ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

25.10.2019

Fylkesmannen inviterer til markering av villaksens år på Åndalsnes

Velkommen til Rauma kulturhus på Åndalsnes torsdag 31. oktober kl. 19:00. Fylkesmannen vil her markere at 2019 er villaksens år.

25.10.2019

Kan Raumavassdraga friskmeldast?

Fylkesmannen inviterer til markering på Åndalsnes. Dei siste prøvene er no til analyse hos Veterinærinstituttet som skal overlevere svara til Mattilsynet. Svaret får vi på Rauma kulturhus fredag 1. november kl. 11:00. Meld deg på her innan 27. oktober 2019.

Fleire nyhende