Presse

Fylkesmannen i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i vår kommunikasjon med media. 

Kommunikasjonsrådgivar arbeider tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Journalistar får hjelp til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju. 

Ved større arrangement som kongelege besøk og statsbesøk, m.m. legg vi spesielt tilrette for pressa.

Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.

Fylkesmannen sender tradisjonelt ut få pressemeldingar. Dei som blir sendt ut vil du finne her. For daglege nyhende, artiklar, prinsipielle vedtak og tilsynsrapportar, anbefaler vi  temasidene våre. Her finn du informasjon om kontaktpersonar og lenker til relevante dokument og artiklar. Ta gjerne kontakt med oss.