Minneseremoni i Molde Domkirke, fredag 22. juli

I år er det 5 år sidan angrepet på regjeringskvartalet og på Utøya. Fylkesmannen vil markere dagen offisielt med ein minneseremoni i Molde Domkirke, fredag 22. juli kl. 15:00-17:00. Minnemarkeringa skjer i samarbeid med Biskopen i Møre, Molde International Jazz Festival, og i forståing med støttegruppa for pårørande i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2016

Kyrkjene våre vart eit felles samlingspunkt rundt om i landet for 5 år sidan. Det er derfor naturleg at vi kan samlast her, og mellom to konsertar er kyrkja open, slik at den som vil kan kome hit. Det vil bli opplesing og musikk kvar halvtime, slik at folk kan kome og gå som det passar for dei. Innimellom berre stillheit.

Fylkesmannen og Biskopen opnar markeringa kl. 15:00.

Tid: 22. juli kl. 15:00-17:00
Stad: Molde Domkirke
Domkirka vert open for alle i dette tidsrommet. Ny opplesing og musikk kvar halvtime.

 

Uttale frå Fylkesmannen
-
22. juli må aldri skje igjen! Derfor er det viktig å ha ei minnemarkering for alle dei som mista sine liv, og for å vise medkjensle med dei pårørande på ein slik dag. Dette var også eit angrep på demokratiet. Demokratiet er skjørt, og må pleiast. Vi som nasjon må hegne om demokratiet», seier fylkesmann Lodve Solholm.

 

Uttale frå Biskopen
-
Seinast i dag er vi blitt minna om kor forferdeleg det er når menneske vert drepne og gjort til terrormål. Vi må stå saman i å verne om menneskeverdet og kvart einskild menneske sin uendelege verdi», seier Domprost/fungerande biskop Olav Gading.

 

Uttale frå Molde Internasjonale Jazzfestival
- Frå Jazzfestivalen si side har det heile tida vore ein klår tanke at femårsdagen for 22. juli måtte innehalde noko meir enn berre ein vanleg konsertdag, og vi er veldig glad for kontakten som blei oppretta med Biskopen og Fylkesmannen om markeringa,» seier Hans-Olav Solli, leiar for Jazzfestivalen.