Plan og bygg

Oppdatert 20.12.2023

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og kommunar og fylkeskommunen har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivå. 

Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Statsforvaltaren har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal vi sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Statsforvaltaren skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir


08.03.2024

Statsforvaltaren opphevar reguleringsplanen for Løkkemyra handelspark II i Kristiansund

Kommunen har ikkje vekta sakas interesser opp mot kvarandre og grunngjeve kvifor handelsområdet skal byggast ut på våtmark og myr.


15.02.2024

Statsforvaltaren opphevar fleire av Sande kommune sine vilkår knytt til ny ferjekai på Larsnes

Fleire av vilkåra om sikringstiltak som Sande kommune sette til vedtaket er oppheva.


13.02.2024

Godkjenner ladeanlegg Stranda-Liabygda

Statsforvaltaren har gitt løyve til å bygge ladeanlegg på ferjestrekket Stranda-Liabygda.


24.01.2024

Løyva til å fylle ut i Grandfjæra blir ståande

Statsforvaltaren stadfestar Molde kommune sitt vedtak om løyve til å fylle ut i Grandfjæra.


04.01.2024

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegginga

Kommunane kan søke om middel til å utarbeide ein tematisk kommunedelplan for naturmangfald og til å gå gjennom eldre arealplanar for på ein betre måte kunne vareta naturverdiar i kommunen.


18.12.2023

Nyheitsbrev plan desember

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du nyheitsbrevet frå desember 2023.


11.12.2023

Reinseanlegget på Kongshaugstranda – Godkjent reguleringsplan

Reguleringsplanen for det felles reinseanlegget for Sula og Ålesund kommunar er stadfesta godkjent av Statsforvaltaren.


05.12.2023

Reguleringsplanen for Holan II i Rauma kommune endeleg godkjent

Statsforvaltaren har stadfesta planvedtaket for det nye bustadområdet i Isfjorden


22.11.2023

Statsforvaltaren stadfestar reguleringsplan for ny E136 på Veblungsnes

Rauma kommune sitt vedtak om ny vegtrasé for E136 på Veblungsnes er stadfesta godkjent. 


07.11.2023

Detaljreguleringsplanen for Alti Ørsta er endeleg godkjent

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal stadfestar Ørsta kommunes planvedtak.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel