Fjellskred og arealplanlegging

Det er tre fjellparti med høg risiko for store fjellskred i Møre og Romsdal: Mannen i Rauma, Åkneset i Stranda og Hegguraksla i Norddal. Ved to av desse fjellpartia, Åkneset og Hegguraksla, vil fjellskred føre til sekundæreverknader i form av flodbølgjer. Dette skaper utfordringar for arealplanlegging i faresonene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2015

Byggverk der konsekvensane av eit skred, inkludert flodbølgjer, er særleg stor, skal ikkje plasserast i skredfarleg område, jf. § 7-3.  Når det gjeld fjellskred med påfølgjande flodbølgje der persontryggleiken er ivaretatt og vilkåra i § 7-4 er oppfylt, vil dette omfatte:

  • Byggverk som må fungere i beredskapssituasjonar
  • Bygningar med bebuarar/brukarar som ikkje kan evakuere av eiga hjelp
  • Byggverk/installasjonar som kan medføre akutt forureining  

Første ledd i § 7-4 i byggteknisk forskrift (TEK17) opnar for at byggverk som inngår i dei tre tryggleiksklassane for skred (S1, S2 og S3) likevel kan byggast i område med fare for flodbølgjer som skuldast fjellskred. Før ein kan tillate utbygging i slike område må fem vilkår oppfyllast. Dei fem vilkåra kan ein lese i forskrifta.

Andre ledd i § 7-4 opnar for at det kan gjevast tillating til å gjennomføre mindre tiltak på eksisterande byggverk i område med fare for flodbølgjer som følgje av fjellskred utan at dette utløyser krav om plan eller dispensasjon frå tryggleikskrava. Vilkåret er at tiltaket ikkje medfører auka fare for skade på liv og helse.