Beredskapsaktørar

I Norge er det eit grunnleggande prinsipp at alle verksemder sjølv har eit ansvar for å ivareta beredskap innafor eige område. Det er likevel nokre aktørar som har eit større ansvar enn andre. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2014

Linkane nedanfor gir ein kor oversikt over kva roller og ansvar dei ulike beredskapsaktørane har. Dei fleste regionale og sentrale ledd er instansar som har overordna ansvar for, eller tilsyn med lokale ledd. I tillegg er det nokre instansar som har eit direte operativt ansvar for ein region, eit distrikt eller ein landsdel.

Beredskapsarbeidet i Norge bygg på nokre grunnleggande prinsipp:

Ansvarsprinsippet: Den verksemda som har ansvaret for eit fagområde i ein normalsituasjon, har også ansvaret for å handtere ekstraordinære hendingar på området.

Likskapsprinsippet: Den organisasjonen ein operer med under ekstraordinære hendingar skal vere mest muleg lik den organisasjonen ein har til dagleg. 

Nærleiksprinsippet: Ekstraordinære hendingar skal handterast på lavast muleg organisasjonsnivå.

Samvirkeprinsippet: Myndigheit, verksemd eller etat har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best muleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.

Nasjonale aktørar


Regionale aktørar  

Kontaktpersonar