Samling for strandsøppelet

Bekymringa for havsøppel og iveren for frivillig strandrydding er stor i Nordland. Men korleis kan engasjement og ressursar brukast mest mogleg effektivt? Kven skal betale for det herrelause avfallet? Og kven er det eigentleg som har ansvaret for oppryddinga av strendene i fylket vårt?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.03.2019

Dette var nokre av spørsmåla som vart diskuterte på ei samling som Fylkesmannen i Nordland og Nordland fylkeskommune inviterte til i haust, der representantar frå både avfallsselskap, oppdrettsnæring, friluftsorganisasjonar, kommune og frivillige organisasjonar deltok. Koordinering av ryddeaksjonar og langsiktige tilskotsordningar vart to viktige nøkkelord for samlinga.

- Denne erfaringssamlinga var viktig for å få folk med ulik bakgrunn og perspektiv til å treffast og diskutere utfordringar og idear kring problemet med havplast i Nordland, seier Torfinn Sørensen, fylkesmiljøvernsjef i Nordland. Fylkesmannen i Nordland var ein av initiativtakarane for samlinga, som vart arrangert i Bodø i haust.

 

Søppelryddinga treng organisering og langsiktig finansiering

Berre 5 prosent av alt søppelet i havet hamnar på strendene; resten ligg på havbotnen eller flyt rundt i vassmassane, og er usynleg for oss til dagleg. Likevel utgjer dei 5 prosentane som ligg i strandkanten heile 2 000 kg søppel per kvadratkilometer, og er ein trugsel mellom anna for dyrelivet.

Engasjementet for strandrydding i Nordland er stort: I fjor vart over 219 tonn marint avfall rydda av meir enn 11 000 frivillige, og fylket ligg heilt i topp i landet når det gjeld talet på årlege ryddeaksjonar. Men sjølv om det framleis er eit stort behov for fleire søppelplukkarar, kom det fram på seminaret at det mest presserande no ikkje er å finne fleire frivillige – men å koordinere ryddinga og å finne gode løysingar for kven som skal betale for mottak og behandling av avfallet. I tillegg er det avgjerande å opprette ei langsiktig finansiering av oppryddingsarbeidet.

 

Nyttig og motiverande

Fylkesmannen i Nordland fekk også i 2018 i oppdrag å koordinere innsatsen mot havsøppel i fylket.

- Deltakarane opplevde at samlinga var nyttig og motiverande, og ønsker slike samlingar kvart år. Slike erfaringssamlingar er ein viktig del av koordineringsarbeidet mot havsøppel, seier Oddlaug Ellen Knutsen, seksjonsleiar i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.

Rapporten frå samlinga vert overlevert til Miljødirektoratet som eit innspel til arbeidet med å organisere strandrydding på landsbasis. Du kan finne rapporten til høgre på denne sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.