Deling av klasselister

Elever
Skolar kan utlevere klasselister med kontaktinformasjon til alle i klassen Foto: Solution Marketing.

Klasselister og elevlister er offentlege dokument. Skolar kan som hovudregel dele ut klasselister til føresette og elevar om dei ønskjer det.

Publisert 15.03.2022

Mange føresette og elevar ønskjer å få utlevert klasseliste med namn og kontaktinformasjon, slik at det blir lettare å ta kontakt med kvarandre.

Klasselista kan innehalde informasjon om:

  • namn
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-post

Klasselista bør ikkje innehalde fødselsnummer. Den bør ikkje publiserast på nett, av omsyn til personvernet.

Unntak

Utlevering av klasselister er tillate ut i frå personvernregelverket og offentleglova, med unntak av opplysningar som gjeld taushetsplikt. Dette gjeld til dømes om elevane har hemmeleg telefonnummer eller adresse, eller om adressa røper tilhøve som er personlege.

Barnehagen

Reglane gjeld også for deling av lister over barn til foreldre i barnehagen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar