Apostillestempel på dokument

Kontortida for apostille er mellom 10.00 og 11.00, tirsdag til torsdag. Mandag og fredag er stengt.

Innlevert dokument blir levert ut same dag. Det er ikkje nødvendig å bestilla time. Dokument som blir levert etter kl. 11.00, er klart for utlevering neste dag.

 

Besøksadressa vår er Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med oss.

For at eit norsk dokument skal vere gyldig i utlandet, må det ha eit apostillestempel. Apostillestempelet stadfestar ikkje at innhaldet i dokumentet er riktig, men det stadfestar at signaturen til notarius publicus er ekte. Dette blir kalla legalisering. Det er Statsforvaltaren som legaliserer dokument for bruk i utlandet, det vil seie for dokument som skal brukast i dei landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. 

Ved å setja apostille på eit dokument, stadfestar Statsforvaltaren:

  1. at signaturen på det offentlege dokumentet er ekte
  2. stillinga som vedkommande har signert i kraft av, og
  3. at stempelet som er påført det offentlege dokumentet er ekte

Det er berre originale dokument eller rett kopi stadfesta av notarius publicus som kan påførast apostille. For at me skal kunna påføra apostille, er det heilt nødvendig at dokumentet inneheld:

  • namn og tittel til den som har signert dokumentet – enten med trykte bokstavar eller blokkbokstavar
  • signatur (helst med blå penn)
  • stempelet til den offentlege mynde som har signert dokumentet

Sidan Statsforvaltaren stadfestar underskrift, tittel og stempel, er me ikkje avhengig av personleg oppmøte. For å kunna setja apostille er me likevel avhengig av originalt stempel, tittel og signatur frå offentleg tenestemann. Dokument kan dermed ikkje sendast elektronisk per e-post, faks eller liknande. Utskrift frå Digipost eller Altinn kan heller ikkje få apostille.

Dokument som treng apostille, kan enten sendast til Statsforvaltaren per post eller leverast inn i resepsjonen. Dokument som kjem per post blir stempla og returnert same dag.

Dersom du har god tid, ber vi om at dokumenta blir sendt oss i posten på denne adressa:

Statsforvaltaren i Rogaland

Postboks 59

4001 Stavanger

Om du sender dokumentet/dokumenta i posten til oss, må du leggja ved eit følgjeskriv som inneheld:

  • Kva land dokumentet/dokumenta skal brukast i
  • Adresse me skal senda dokumentet/dokumenta i retur til
  • Telefonnummer som me kan nå deg på dersom me treng å kontakta deg

Dokumenter som kan apostilleres:

  • Dokumenter frå forvaltningsorgan: fødselsattestar, vigsleattestar, skifte- uskifteattest, vandelsattest, separasjons- og skilsmissebevillingar, utskrift frå grunnboka.
  • Dokumenter frå domstolane
  • Dokumenter frå påtalemakt, politi og lensmann
  • Dokumenter som fylkesmannsembetet har skrive ut sjølv
  • Notarialstadfestingar
  • Vitneinnkallingar frå advokat

Dokument som må bli stadfesta av notarius publicus

  • Dokument som er signerte av privatpersonar eller på vegne av private føretak. For eksempel fullmakter, kontraktar, erklæringar
  • Dokumenter som offentlege føretak har skrive ut, for eksempel interkommunale selskap, statsverksemd
  • Omsetjingar (også frå statsautoriserte translatørar)
  • Dokumenter gitt rett kopi av ei offentleg styresmakt - unnataket er separasjon- eller skilsmissebevillingar vi har skrive ut.

Dokument som IKKJE kan apostilleres

  • Dokument utferda av utanlandske styresmakter
  • Dokument som en norsk utanrikstenestemann har skrive ut
  • Kopier som ikkje er stadfesta av ei norsk offentleg styresmakt