Statsbudsjettet for 2020

Regjeringa la i dag, 07. oktober 2019, fram forslag til statsbudsjett for 2020 (Prop. 1 S 2019-2020). Vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2019

Statsbudsjettet bygger på følgande anslag og endringar:

  • Realvekst i samla inntekter 3,2 mrd. kr og 0,6 %
  • Realvekst i frie inntekter 1,3 mrd. kr og 0,3 %
  • Heile veksten i frie inntekter går til kommunane
  • Deflator 3,1 % for 2020 (var 3,0 % for 2019)
  • Herav lønnsvekst 3,6 %

Deflatoren brukast for å berekne realveksten i kommunane sine inntekter. Den er eit anslag på årleg lønns- og prisvekst (prosent) som kommunane blir kompensert for gjennom inntektssystemet.

I kommuneproposisjonen blei det lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på mellom 1 og 2 mrd. kr i 2020, som motsvarar ein vekst på mellom 0,3 og 0,5 %. Dette er noko lågare enn tidlegare år. Det blei lagt opp til at heile auken skulle gå til kommunane. Det var spesielle bindingar på veksten. Realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter var berekna til mellom 0,2 og 1,5 mrd. kroner (0 – 0,3 % vekst).

Veksten i frie inntekter for 2020 er rekna frå inntektsnivået som ble anslått i RNB 2019. Talet tek ikkje omsyn til oppjusteringa av skatteinntektene til kommunesektoren i år.

Skjønnsmidler 2020

I Fylkesmannens brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet står det om fordeling av skjønnsmidlar for rogalandskommunane i 2020. Brevet var unntatt offentlegheit til fremlegging av statsbudsjettet. Sjå også retningslinjer frå KMD for fordeling av skjønnsmidlar i 2020.

Les meir om statsbudsjettet i dokumenta som er vedlagt. statsbudsjettet.no finn du alle dokumenta og pressemeldingar frå departementa. Særleg aktuelle er:

  • KMD sin fagproposisjon
  • Grønt hefte - berekningsteknisk dokumentasjon for kommunesektoren
  • Fylkesoversikten har samla informasjon om regjeringa sine foreslåtte tiltak og satsingar per fylke, samt informasjon om økonomi og nøkkeltal for kommunane.
  • Portalen frie inntekter viser fordeling av rammetilskot og anslag på skatteinntekter for din kommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.