Setersesongen 2020 og Covid 19

Vi går mot ein ny setersesong. Med den låge smittestatusen for Covid 19 som vi har i dag så reknar Fylkesmannen med at seterdrifta kan gjennomførast tilnærma normalt.

Vi har utarbeida noen råd til setrane for å hindre spreiing av Covid 19-viruset. Informasjonen er sendt til kommunane i Trøndelag.

Fylkesmannen ønskjer dykk alle ein god setersommar!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2020

Mange nordmenn vil i år ha norgesferie og vi kan forvente større etterspørsel etter seterprodukt og etter servering på setrane. For seterbrukarane vil dette vera positivt for omsetninga og det vil vera ei god mulighet for å få vist det gode seterlivet, der beiteressursar frå fjell og utmark blir til god matproduksjon, og der ein tar vare på kultur, miljøkvalitetar og eit fint landskap.  

Det er i år ekstra viktig med gode hygienerutinar på setra og at desse vert følgde, både for dei som arbeider på setra, og for dei som kjem på besøk. Dei nasjonale råda må sjølvsagt følgjast.

Vi oppfordrar og seterdrivarane om å ta kontakt med smittevernlege i kommunen for å orientere den om drifta og å spørje om råd.

Nokre råd:

  • Følg hygienereglane som gjeld for å hindre spreiing av Covid 19.
  • Opplys om at folk som har symptom som kan vera korona skal ikkje kan vera på setra.
  • Folk som kjem til setra bør få tilbod om å vaske hender når dei kjem til setra.
  • Følg 1-metersregelen om avstand mellom folk, folk som bur saman kan sitje tettare.
  • Vask bord og stolar etter besøk.
  • Bruk helst eingongsbestikk (følg mattilsynets reglar).
  • Ha servering ute dersom det går an.
  • Ikkje ta inn besøkjande der ein steller i stand mat.
  • Pass på at seterfolket er friske.
  • Ikkje ha meir enn 200 personar på besøk samstundes.
  • Smittevernlege i kommunen

Informasjon sendt til kommunane ligg vedagt til høyre under dokumenter.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.