Send sikker melding til Statsforvaltaren

Vi oppmodar både privatpersonar, kommunar, bedrifter og organisasjonar til å nytte våre digitale skjema når dei kontaktar oss. Dette er sikre løysingar som også kan brukast til å sende sensitive opplysningar. 

Publisert 29.12.2022, Sist endret 29.02.2024

Bruk av elektronisk melding kan også korte ned saksbehandlingstida hjå Statsforvaltaren, fordi det ikkje går med tid til postgang. Kontaktskjemaa våre er sikre løysingar, og krev derfor innlogging med ID-porten

Melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren

Skjemaet gjer det mogeleg for tilsette i bedrifter eller lag og organisasjonar å logge seg på med ID-porten og sende informasjon til Statsforvaltaren på ein trygg måte, og samstundes representere bedrifta/organisasjonen sin og ikkje seg sjølv som privatperson.

Skjemaet kan til dømes brukast når du på vegner av bedrifta eller organisasjonen skal ettersende dokument eller anna informasjon som vi treng til behandlinga av ei sak. Hugs i så fall å opplyse om saksnummeret. Skjemaet kan også brukast til å sende ei melding til Statsforvaltaren, i staden for å sende vanleg brev i posten.

Når du sender inn ei melding på vegner av ei bedrift eller ein organisasjon, lyt du skrive inn organisasjonsnummeret til bedrifta eller organisasjonen. Når du har oppgitt organisasjonsnummeret, blir skjemaet automatisk oppdatert med namn, adresse og kontaktinformasjon. Du kan endre kontaktinformasjonen dersom svaret frå oss skal gå til ei anna adresse enn den som er registrert på bedrifta eller organisasjonen.

Melding frå privatperson til Statsforvaltaren

Du kan bruke dette skjemaet dersom du som privatperson skal sende ei melding til Statsforvaltaren. Dersom meldinga gjeld ei sak som alt er til behandling hjå oss, ber vi deg fylle ut saksnummeret. Du finn saksnummeret øvst i brevet frå oss. Dersom du sender ei generell melding til oss, lyt du velje det fylket du bur i for at meldinga skal komme til rett statsforvaltarembete. Du kan skrive så langt du vil til Statsforvaltaren, men ver klar over at det vil komme eit tidsavbrot etter 30 minuttar. Dersom du har ei svært lang melding til oss, er det lurt å bruke kontaktskjemaet til å laste opp meldinga som eit vedlegg.

Separasjon, skilsmisse eller mobbing?

Vi har eigne digitale meldeskjema for ein del sakstypar. Skal du til dømes melde frå om mobbing i skulen? Skal du søke separasjon eller skilsmisse? Det finst eigne digitale skjema for dette. Alle desse skjemaa er samla i ein felles portal. Merk at det også finst eigne digitale skjema som gjeld verjemål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Send sikker melding

Løysinga "Sikker melding til Statsforvaltaren" for sending av brev og dokumentasjon til Statsforvaltaren. Skjemaet krev innlogging med MinID, BankID o.l., og kan nyttast til å sende sensitiv informasjon. Du kan lese meir om løysinga her.

Sikker melding (privatperson)

Sikker melding (bedrift/organisasjon)

Sikker melding (verjemål)