Marknadshagekurs - etablering og drift av småskala grønsaksproduksjon

Vestlandet treng meir lokalproduserte grønsaker. Til hausten startar det opp eit kurs, 18.-19. november på Voss, for å gje ferske grønsaksdyrkarar ein god start på ein spennande driftsform for småskala grønsaksprodusjon; marknadshagar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.08.2019

Bondens marknad og Norsk landbruksrådgiving vil vera hovudansvarlege for kurset i etablering og drift av marknadshagar. Dei erfarne grønsaksrådgjevarane frå Norsk landbruksrådgiving, Kari Bysveen og Hans Gaffke, vil vera kurshaldarar. Dei vil vise til praktiske tiltak for korleis ein kan lukkast med allsidig småskala grønsaksproduksjon, etter prinsippa for marknadshagar. 

Marknadshagar er ein driftsform for intensiv og allsidig produksjon av grønsaker på 2-7 dekar, kor ein sel til kundar gjennom Bondens marknad, REKO-ringar, andelslandbruk, abonnementsordningar osb. Marknadsarbeid vil difor vera ein integrert del av kurset.

Vil du høyre meir om marknadshagar og kurset, møt opp på informasjonssmøte om marknadshagar og kurset, den 18. september i Skei i Jølster (Thon hotell) eller 19. september i Bergen (Lystgården, Landås). Link til program og påmelding til informasjonsmøtene

Kari Bysveen og Hans Gaffke vil vere kurshaldarar innan grønsaksdyrking. Begge er erfarne rådgivere innen grønsaksdyrking, og er tilsette i Norsk Landbruksrådgiving (NLR)

Kva får du på kurset?

Grønnsaksrådgjevar Hans Gaffke frå NLR vil stå for kursinnhaldet på tre to-dagarssamlingar (18.-19.nov. i 2019 og veke 3 og 7 i 2020). Du vil óg få tilbod om å delta på sju webinarer med rådgjevar Kari Bysveen, med lang erfaring som grønsaksrådgivar og undervisning i landbruksfag. I tillegg vil du møte dyrkarar som allereie driv grønsaksproduksjon på vestlandet, og slik sikre utveksling av kunnskap om å drive grønsaksproduksjon vestpå.

Bondens marknad, Bybonden i Bergen og Fylkesmannen i Vestland (FMVL) vil stå for organisering og innføring i marknadsarbeid. Kontaktperson i Bondens marknad: Maya Riise: maya@bondensmarknad.no . Kontaktperson i Norsk landbruksrådgiving: kjersti.berge@nlr.no 

Økologiske dyrkingsprinsipp ligg til grunn for kurset, men det passar like godt for deg som ynskjer å drive konvensjonelt. Kurset vil passe for alle som har prøvd litt grønsaksproduksjon, men som no ynskjer å satse seriøst med sal av eigenproduserte grønsaker. Du vil óg få godt utbytte av kurset, dersom du har drive grønsaksproduksjon i nokre år og vil forbetre produksjonen og oppdatere deg fagleg.

Kurset vil legge vekt på at du sjølv skal få støtte og kunnskap nok lage ein driftsplan for din marknadshage, med mål om å starte eller betre din produksjon i dyrkingsesongen 2020. Dei som gjennomfører kurset og startar opp med grønsaksproduksjon i 2020, vil få tilbod om rådgjeving og deltaking i mentorordning.

Kvar, når og pris

Kurset vil ha oppstartsveke i veke 47, 18.-19. november, med dei to siste samlingane i veke 3 og 7 i 2020. Fyrste kurssamling er på Voss Vandrarheim, men stad kan endrast etter behov, for samlingane i 2020. Det vil og bli gitt tilbod om studieturar og inspirasjonssamlingar våren 2020.

Det er plass til 30 deltakarar på kurset. Bondens marknad ynskjer ein kort motivasjon for kvifor du vil delta på kurset. Skriv dette inn i påmeldingsskjema (eige felt).

Det er plass til 30 deltakarar på kurset og det kostar kr 2000,- per person å delta på alle tre samlingane inkl. webinarene. Deltakarane må betale overnatting, middag og reise til kursa sjølve. Lunsj og kaffe er inkludert i kursavgifta. Det er bindande påmelding til alle samlingane – du vil få tilsendt faktura når du er påmeldt kurset. Det er ingen refusjon av kursavgifta med mindre du kan vise til sjukemelding.

Påmeldingsskjema (påmeldingsfrist 20.oktober):

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner