Klage

Statsforvaltaren skal: 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.08.2020, Sist endret 18.08.2021
  • behandle klager på enkeltvedtak i grunnskulen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring etter forvaltningslova, opplæringslova, friskulelova og forskrifter til desse.
  • behandle klager vedrørande spesialpedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder
  • behandle klager på standpunktkarakterar og sørgje for at klagebehandling blir gjennomført etter eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring

 

Først og fremst er det skulen eller kommunen som skal informere om klageretten, kva det er klagerett på og kva typer klager som skal behandlast internt i kommunen eller sendast vidare til Statsforvaltaren . Statsforvaltaren kan også gje rettleiing om dette.

Her er ei oversikt over behandlinga av ulike typar klager:

Spesialundervisning
Det er klagerett både på avslag om rett til spesialundervisning, på innhaldet i enkeltvedtaket om spesialundervisning, på saksbehandlinga og på manglande gjennomføring av enkeltvedtaket. Klagen skal sendast til kommunen eller fylkeskommunen. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.

Spesialpedagogisk hjelp
Det er klagerett på alle vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.

Standpunktkarakter i grunnskulen
Det kan klagast på standpunktkarakterar i grunnskulen og på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

Eksamen i grunnskulen
Det kan klagast på eksamenskarakteren til skriftleg eksamen. Når det gjeld munnleg eksamen, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seia for resultatet.

Skuleskyss
Det er klagerett på enkeltvedtak om rett til gratis skuleskyss. Klagen skal sendast til kommunen eller fylkeskommunen, avhengig av kven som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.

Skulemiljø
Kvar enkelt elev har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Vidare har alle elevar rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Dersom elevar eller føresette meiner retten til godt skulemiljø ikkje vert oppfylt gjennom dei tiltaka skulen vedtek, kan dei klage på det.

Skuleplassering
Det er klagerett på vedtak om skuleplassering i grunnskulen. Klagen skal sendast til det organet som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar i grunnskulen
Det er klagerett på alle enkeltvedtak om særskild språkopplæring i grunnskulen. Klagen skal sendast til det organet som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.

Permisjon frå opplæringa i grunnskulen
Etter opplæringslova § 2-11 kan kommunen etter søknad gi ein elev fri frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker når det er forsvarleg. Elevane har ikkje har rett til permisjon.

Klage på standpunktkarakter