Statsbudsjettet 2018 – det økonomiske opplegget for kommunane

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2018. Nedanfor følger eit samandrag av hovudpunkta i det økonomiske opplegget for kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.10.2017

 

Høge skatteinntekter òg i 2017

Inntektsveksten er forventa å bli vesentleg høgare enn kva som er lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2017. Anslaget for kommunane sine skatteinntekter i 2017 er oppjustert med kr 3,4 mrd. i høve til Revidert nasjonalbudsjett 2017. Bakgrunnen for dette er ekstraordinære store utbytte til aksjeeigarar òg i 2016, truleg som ei følge av den nye skattereforma.

 

Regjeringa sitt forslag for kommunane i 2018

Den nominelle veksten i skatteinntekter for kommunane frå 2017 til 2018, er forventa å bli om lag 2,4 prosent. Anslaget på skatteinntektene for kommunane for 2017 bygger blant anna på føresetnader om ein sysselsettings- og lønsvekst på høvesvis 1,1 og 3 prosent.

Skatteprosenten (skattøren) i kommunane vil for 2018 vere 11,8, og er dermed uforandra frå 2017.

For kommunane sine samla inntekter vil skattedelen vere 40 prosent òg for 2017.

Kommunal deflator er ein indeks for berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter. Lønsvekst og prisvekst på kjøp av varer og tenester ligg til grunn for deflatoren. I statsbudsjettet blir inntektene i kommunesektoren prisjustert, slik at endringar i inntektene er basert på realverdiar. For berekning av realvekst i kommunesektoren blir det lagt til grunn ein vekst i deflatoren på 2,6 prosent for 2018, kor overslag på lønsveksten inngår med 3,0 prosent og tel nær 2/3 av den samla deflatoren, medan forventa prisvekst på varer og tenester inngår med 1,9 prosent. Deflatoren blir nytta til prisjustering av statlege rammetilskot og øyremerka tilskot i statsbudsjettet.

Deflatoren for 2017 blir anslått til 2,3 prosent, kor lønsveksten inngår med 2,4 prosent. Dette er i samsvar med anslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2017.

 

Frie inntekter

Dei frie inntektene omfattar rammetilskot og skatteinntekter. Tabell 1 viser anslag på frie inntekter og oppgåvekorrigert vekst frå 2017 til 2018 for kommunane i Møre og Romsdal.

Tal i tusen kr.

 

Kommune 

Anslag på frie inntekter 2017

Anslag på oppgåve-korrigerte frie inntekter 2017

Anslag på frie inntekter 2018

Anslag på oppgåve-korrigert vekst 2017-2018

Vekst rekneskap 2017-2018

%

1502 Molde

1 342 811

1 341 495

1 391 365

49 870

3,7

1504 Ålesund

2 332 070

2 329 899

2 402 525

72 626

3,1

1505 Kristiansund

1 241 659

1 240 404

1 276 387

35 983

2,9

1511 Vanylven

196 500

196 299

201 181

4 882

2,5

1514 Sande

158 863

158 720

161 389

2 669

1,7

1515 Herøy

475 523

475 051

482 967

7 916

1,7

1516 Ulstein

444 666

444 213

458 083

13 870

3,1

1517 Hareid

275 178

274 883

284 985

10 102

3,7

1519 Volda

478 460

477 994

490 808

12 814

2,7

1520 Ørsta

573 441

572 877

585 917

13 040

2,3

1523 Ørskog

138 010

137 879

140 026

2 147

1,6

1524 Norddal

117 838

117 731

121 027

3 296

2,8

1525 Stranda

264 307

264 039

268 293

4 254

1,6

1526 Stordal

76 341

76 249

77 698

1 449

1,9

1528 Sykkylven

406 981

406 580

413 826

7 246

1,8

1529 Skodje

253 549

253 609

256 572

2 963

1,2

1531 Sula

497 822

497 327

505 988

8 661

1,7

1532 Giske

431 131

430 738

438 574

7 837

1,8

1534 Haram

491 310

490 819

508 550

17 732

3,6

1535 Vestnes

338 167

337 814

354 332

16 519

4,9

1539 Rauma

421 547

421 112

433 307

12 195

2,9

1543 Nesset

177 967

177 783

183 507

5 724

3,2

1545 Midsund

134 758

134 615

137 565

2 950

2,2

1546 Sandøy

91 306

91 222

92 279

1 057

1,2

1547 Aukra

202 737

202 529

209 145

6 617

3,3

1548 Fræna

527 474

526 961

542 359

15 398

2,9

1551 Eide

203 221

203 024

205 866

2 842

1,4

1554 Averøy

313 692

313 381

319 257

5 876

1,9

1557 Gjemnes

160 585

160 444

162 400

1 956

1,2

1560 Tingvoll

196 047

195 853

200 271

4 418

2,3

1563 Sunndal

405 013

404 598

411 506

6 907

1,7

1566 Surnadal

335 696

335 382

340 942

5 560

1,7

1567 Rindal

129 714

129 582

131 432

1 849

1,4

1571 Halsa

110 545

110 455

112 237

1 782

1,6

1573 Smøla

139 810

139 685

143 189

3 505

2,5

1576 Aure

240 432

240 220

250 455

10 235

4,3

Fordelast gjennom året

60 396

60 396

33 168

 

 

Møre og Romsdal

14 385 565

14 371 859

14 729 379

357 520

2,5

Tabell 1: Frie inntekter og oppgåvekorrigert vekst frå 2017 til 2018.

 

For kommuneopplegget i 2018 er det lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på snaue kr 3,6 mrd. Priskompensasjon frå 2017 til 2018 kjem i tillegg. Det er lagt inn fleire føringar på beløpet på kr 3,6 mrd:

i)                    Endringar i befolkningssamansetninga gjev kommunesektoren utfordringar som medfører meirutgifter. Kr 2,2 mrd. skal finansierast innanfor veksten i frie inntekter.

ii)                  Overslag viser at auken i kommunane sine samla pensjonskostnader er om lag kr 300 mill. i 2017. Desse kostnadane må dekkast av veksten i dei frie inntektene.

iii)                I tillegg kjem satsingar på tiltak som er finansiert frå veksten i frie inntekter på i alt kr 700 mill:

  1. kr 200 mill.  skal gå til tidleg innsats i barnehage og skule
  2. kr 300 mill. skal gå til auka satsing innanfor rusomsorg
  3. kr 200 mill.  skal gå til førebyggande tiltak, jf. den nye barnevernsreforma

Dette inneber at handlingsrommet for kommunane er på om lag kr 400 mill. innanfor det samla beløpet frå veksten i fri inntekter.

 

Inntektssystemet i 2018

Som ei følge av endringar i innbyggartal og distriktsindeks, kan det vere endringar i berekningane av inntekter for nokre kommunar i 2018. Bortsett frå dette er det berre mindre endringar i inntektssystemet. For regionalpolitiske tilskot, dvs. distriktstilskot Sør-Noreg, distriktstilskot Nord-Noreg, storbytilskot, småkommunetilskot og veksttilskot, vert satsane ikkje prisjustert. Dette inneber at desse tilskota i realverdiar blir lågare. Dette blir motsvara av eit høgare innbyggartilskot, noko som inneber ei vektlegging av fordeling per innbyggar meir enn fordeling per kommune.

Tabell 2 syner ei oversikt over ulike tilskot for kommunane i Møre og Romsdal.

Vedlikehaldstilskotet som hadde som føremål å bidra til auka aktivitet på Sør- og Vestlandet for kommunar som var særleg ramma av nedgangen i petroleumsrelaterte næringar, blir ikkje vidareført i 2018.

 

Tal i tusen kr.

Kommune

Innbyggar-tilskot

Distrikts-tilskot Sør-Noreg

Region-senter-tilskot

Veksttilskot

Storby-tilskot

Skjønstilskot

Rammetilskot 2018

1502 Molde

606 065

0

4 430

0

0

2 100

612 595

1504 Ålesund

1 004 264

0

5 422

0

0

7 900

1 017 586

1505Kristiansund

578 173

0

0

0

0

1 800

579 973

1511 Vanylven

104 245

4 683

0

0

0

1 280

110 208

1514 Sande

82 714

4 435

0

0

0

1 828

88 977

1515 Herøy

212 460

0

0

0

0

3 002

215 462

1516 Ulstein

204 326

0

0

394

0

340

205 060

1517 Hareid

137 093

0

0

0

0

610

137 703

1519 Volda

227 587

0

3 392

0

0

1 360

232 339

1520 Ørsta

279 550

0

0

0

0

580

280 130

1523 Ørskog

71 483

2 772

264

0

0

90

74 609

1524 Norddal

65 590

5 543

0

0

0

1 250

72 383

1525 Stranda

133 691

2 491

0

0

0

180

136 362

1526 Stordal

42 937

5 543

0

0

0

832

49 312

1528 Sykkylven

194 958

0

0

0

0

310

195 268

1529 Skodje

121 181

0

536

1 825

0

190

123 732

1531 Sula

249 417

0

0

0

0

760

250 177

1532 Giske

203 036

0

0

2 094

0

330

205 460

1534 Haram

238 759

0

1 070

0

0

3 153

242 982

1535 Vestnes

159 897

5 009

0

0

0

2 360

167 266

1539 Rauma

213 676

5 613

0

0

0

330

219 619

1543 Nesset

91 507

5 543

489

0

0

1 435

98 974

1545 Midsund

73 889

2 772

344

0

0

1 222

78 227

1546 Sandøy

48 428

4 990

143

0

0

400

53 961

1547 Aukra

104 689

0

0

508

0

0

105 197

1548 Fræna

258 522

0

2 975

0

0

4 240

265 737

1551 Eide

105 303

0

1 055

0

0

1 249

107 607

1554 Averøy

151 031

0

0

0

0

1 230

152 261

1557 Gjemnes

83 411

3 326

0

0

0

1 511

88 248

1560 Tingvoll

105 826

5 543

0

0

0

770

112 139

1563 Sunndal

196 835

8 947

0

0

0

570

206 352

1566 Surnadal

162 293

7 708

0

0

0

1 170

171 171

1567 Rindal

68 323

5 543

0

0

0

110

73 976

1571 Halsa

60 744

5 543

0

0

0

610

66 897

1573 Smøla

75 627

5 543

0

0

0

640

81 810

1576 Aure

142 354

5 103

0

0

0

790

148 247

Fordelast gjennom året

 

 

 

 

33 168

33 168

Møre og Romsdal

6 859 884

96 650

20 120

4 821

0

79 700

7 061 175

Tabell 2: Tilskot for kommunane i Møre og Romsdal i 2018.

 

Inntektsgarantiordninga (INGAR)

Grenseverdien i inntektsgarantiordninga (INGAR) aukar frå 300 til 400 kroner per innbyggar i 2018. Det vil seie at ingen kommunar skal ha ein berekna årleg vekst i det totale rammetilskotet som er lågare enn 400 kroner per innbyggar samanlikna med berekna vekst for landsgjennomsnittet. Endringar i inntektene som følge av endringar i skatteutjamning eller skatteinngang blir ikkje kompensert gjennom ordninga. Det blir heller ikkje endringar i skjønstilskot, veksttilskot og saker med særskild fordeling. Inntektsgarantiordninga for 2018 blir berekna med utgangspunkt i rammetilskotet til kommunane etter Revidert nasjonalbudsjett 2017.

 

Overgangsordning gradert basistilskot (kommunereform)

Kommunar som slår seg saman og som i overgangsfasen fram til samanslåinga trer i kraft får redusert basistilskot, blir kompensert for dette fram til 1.1.2020. I 2017 vart dette gjort ved skjønstilskot, men er for 2018 vidareført gjennom innbyggartilskotet med særskild fordeling.

 

Regionsentertilskot (kommunereform)

Kommunar som ikkje mottar storbytilskot, blir tildelt regionsentertilskot når den nye samanslåtte kommunen har meir enn om lag 8000 innbyggarar. Nasjonalt var tilskotsramma kr 100 mill. for 2017 (halvårsverknad). I 2018 blir tilskotsramma  kr 200 mill. (beløpet blir ikkje prisjustert).

Tilskotet blir høvesvis fordelt med ein sats på 40 prosent per innbyggar, og ein sats på 60 prosent per samanslåing.

 

Inndelingstilskot (kommunereform)

Kommunar som får bortfall av basistilskot og distriktstilskot ved kommunesamanslåingar vil få årlege inndelingstilskot frå og med det året samanslåinga er ein realitet.  Dei årlege tilskota vil bli utbetalt i ein periode på 15 år, for deretter å bli gradvis trappa ned i ein femårsperiode til det tar slutt etter i alt 20 år.

 

Ufrivillig åleine (kommunereform)

Kommunar som er ufrivillig åleine etter kommunereforma og som tapte på endringane i basistilskotet og småkommunetillegget frå 2017 til 2018, blir kompensert for dette med same fordeling som i 2017 med priskompensasjon.

 

Nokre aktuelle saker

Barnevern

På bakgrunn av at Stortinget har vedtatt ei barnevernsreform, har kommunane fått eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Derfor har regjeringa føreslått at kr 200 mill. av veksten i dei frie inntektene blir grunngitt i førebyggande tiltak for barn, unge og familiar.

 

Barnehage

Foreldrebetalinga er føreslått auka med kr 110 per månad, og rammetilskotet blir redusert tilsvarande anslagsvis kr 301,5 mill. Stortinget løyvde vel kr 170 mill. i budsjettforliket om 2017-budsjettet til fleire barnehagelærarar. Desse midla vart overført til rammetilskotet i Revidert nasjonalbudsjett.

 

Opptrappingsplan for rusfeltet

I 2018 blir ei ytterlegare løyving til rusområdet føreslått, av desse kjem kr 300 mill. gjennom ei styrking av dei frie inntektene. Midla blir fordelt mellom kommunane etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp.

 

Helsestasjon og skulehelseteneste

Satsinga på helsestasjon og skulehelsetenesta vert føreslått vidareført i 2018 med i underkant av kr 754  mill. gjennom rammetilskot, og kr 287 mill. i øyremerka tilskot. Fordelinga av midla blir gjort ut i frå talet på innbyggarar som er 19 år eller yngre. Alle kommunane er garantert eit minimumsbeløp på kr 100 000.

 

Tilskot til rekruttering av psykologar

Frå og med 2020 skal alle kommunar ha psykologkompetanse. Tilskotet for kommunane for tilsettingar av psykologar blir vidareført.

 

Ressurskrevande tenester

Tilskot til ressurskrevande tenester inneber ei toppfinansiering av særleg store utgifter for tenester til einskilde brukarar. Personar som er eldre enn 67 år er ikkje omfatta av ordninga.

Innslagspunktet for å få kompensasjon blir auka per brukar med kr 78 000 til kr 1,235 mill. for netto utgifter frå 2016 til 2017. Dermed vil innslagspunktet auke med kr 50 000 ut over prisjustering.

For 2018 blir kompensasjonsgraden vidareført, det vil seie 80 prosent av netto utgifter som ligg over innslagspunktet.

 

Heildøgns omsorgsplassar

Stortinget har vedtatt å endre investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar i kommunane med verknad frå og med 2021 til berre å gjelde plassar som gir netto tilvekst, slik at det berre blir gitt støtte til prosjekt som aukar det totale talet på plassar. Regjeringa føreslår eit investeringstilskot til om lag 1 800 heildøgns omsorgsplassar i 2018, kor 40 prosent blir øyremerka netto tilvekst av nye plassar.  Personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester uavhengig av alder, diagnose og funksjonshemming er målgruppa for ordninga. 

 

Dagaktivitetsplassar for demente

Ved Demensplan 2020 vil kommunane få ei lovfesta plikt frå 1. januar 2020 om å tilby eit tilrettelagt dagaktivitetstilbod for personar med demens som bur heime. Som del av denne planen vil tilskotsordninga bli vidareført, med framlegg om å legge til rette for 350 nye plassar i 2018.

 

Tidleg innsats

Regjeringa si satsing Tidleg innsats skal bidra til å fange opp utfordringar i barnehage og skule tidleg, og gi dei rask oppfølging.  Av veksten i kommunane sine frie inntekter er kr 200 mill. grunngitt med tidleg innsats i barnehage og skule. Av desse blir kr 100 mill. fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage, og kr 100 mill. etter delkostnadsnøkkelen for skule.

  

Båt og ferje (fylkeskommunane)

I framlegget til statsbudsjett for 2018 blir det gitt ei særskild fordeling på kr 100 mill. til båt og ferje i fylka. Av desse midla er Møre og Romsdal fylke tilgodesett med vel kr 14,7 mill. Det blir tatt sikte på å vidareføre midla òg i 2019. Fordelingar utover 2019 blir tatt opp til ei nærmare vurdering i samband med gjennomgangen av inntektssystemet for fylkeskommunane.

Kontaktpersoner