Naturkart for fylket

Fylkesmannen har gitt ut ein informasjonsbrosjyre som er sendt til offentlege etatar, organisasjonar, reiselivsnæringa, planleggingsfirma, media, skolar og andre.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.01.2012

Brosjyren er på 100 x 79 cm og er bretta til 20 x 20 cm.

På den eine sida er det eit kart over alle verneområda i Møre og Romsdal med mellom anna opplysningar om kven som har forvaltingsansvaret for dei. På den andre sida er det informasjon om mellom anna kartdatabasar som inneheld opplysningar om spesielle naturområde som ikkje er verna. Sjå Nettlenker for utfyllande informasjon om natur til høgre. Det er ei liste som vi vil halde ajour så godt som råd.

Fylkesmannen sitt mål er at auka kunnskap om dei unike naturverdiane i fylket kan skape engasjement for å ta vare på dei og på den måten sikre mangfaldet og samspelet i naturen i eit langsiktig perspektiv.

På kartet som viser verneområda er to merkte av som foreslått verna. Dei blei vedtekne verna 16.12.11.