Kven er fylkesmann?

Rigmor Brøste er fylkesmann i Møre og Romsdal

Rigmor Brøste er konstituert som fylkesmann i Møre og Romsdal. Brøste vil inneha stillinga inntil  Else-May Botten tiltrer stillinga hausten 2021.

Rigmor Brøste er 54 år og fast ansatt som assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal sida 2012. Ho er cand. mag. frå Høgskulen i Bergen og  Universitetet i Oslo, og er høgskolekandidat fra Høgskolen i Molde. Brøste har hatt leiarstillingar på ulike nivå dei siste 25 åra, til dømes som rådmann i Nesset kommune (2006-2012) og personal- og organisasjonssjef i Molde kommune (1999-2006).