Tilsyn

Kommunane sitt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet vart formalisert gjennom sivilbeskyttelseslova som vart vedteken i 2010 og forskrift om kommunal beredskapsplikt som kom i 2011. Gjennom forskrifta fekk også fylkesmannen (Statsforvaltaren frå 1.1.2021) heimel til å føre tilsyn med kommunane si oppfølging av beredskapsplikta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.01.2014

Statsforvaltaren førte tilsyn med 10 kommunar i 2013, elleve i 2014 og tretten i 2015. Dei to siste av tilsyna som skulle vore ført i 2015 blei av forskjellige grunnar flytta til 2016. Det gjeld kommunane Halsa og Ålesund. Første runder etter ny lovgjeving var dermed gjennomført i løpet av februar 2016.

Andre runde starta opp hausten 2016 for kommunar som sist hadde tilsyn i 2013, tilsaman 4 stk. Statsforvaltaren har laga ein 4-årsplan frå 2017 til 2020 for gjennomføring av denne runden og legg opp til omlag 9 tilsyn pr. år for å kome rundt.

Hovudinntrykket etter tilsyna i 2014,2015 og 2016 er at det i kommunane er høgt medvit og god kunnskap om kommunen sine plikter og ansvar ved ekstraordinære hendingar. Med få unntak er også pålagde beredskapsplanar på plass. Størst forbetringspotensial er det når det gjeld utarbeiding av risiko- og sårbarheitsanalysar og heilskapleg, risikobasert arbeid – med klare samanhengar mellom lokalt risikobilde, overordna kommuneplanlegging, førebygging av risiko, beredskapsplanlegging og øving.

Det store bildet er om lag som venta – eller litt betre. All erfaring frå ekstraordinære hendingar dei siste åra stadfestar bildet av høgt medvit, god beredskap og handlekraft når ekstraordinære situasjonar oppstår. At fleire kommunar heng etter i «papirarbeidet» med risiko- og sårbarheitsanalysar er heller ikkje overraskande – det er på dette området den nye lova og forskrifta føresette mest nybrottsarbeid.

To av kommunane vi førte tilsyn med i 2014 og tre i 2015, fekk ikkje avvik. Dette var Stordal og Vestnes i 2014 og Surnadal, Kristiansund og Molde i 2015. Ei av kommune i andre runde i 2016 har også komt gjennom tilsyn utan avvik. Det er Eide kommune. I 2017 var det tre kommunar som gjennom utan avvik. Desse er kommunane Sykkylven, Vanylven og Midsund. I 2018 kom kommunane Ørskog og Skodje gjennom utan avvik. Så langt i 2019 har kommunane Norddal og Stordal komt gjennom utan avvik. FMMR skal ha tilsaman ni tilsyn på dette fagområdet i 2019 før kommunereforma slå inn for fullt. Frå 01.01.2019 gjekk Rindal kommune over til Trøndelag, og blir følg opp vidare der.

31 av 36 kommunar fekk eitt eller fleire avvik desse i den første tilsynsrunden – definert som manglande oppfølging av pålegg gitt i lov eller forskrift. Statsforvaltaren er likevel positivt overraska over at fleire av kommunane berre fekk små avvik – nærast på detaljar. Og dessutan: at dei kommunane som har noko meir å gå på, alle brukte tilsyna på ein offensiv måte – gjennom aktivt å bidra til at tilsyna fungerte som statuskartleggingar som dei sjølve kan bruke i eige forbetringsarbeid.

Koronapandemien førte etter kvart til stopp i tilsynsynsaktiviteten med fysiske møter i 2020, og ein rakk berre å gjennomføre tilsyn med Vestnes kommune dette året. I 2021 vart det gjennomført fire dokumenttilsyn med kommunane Sande, Surnadal, Giske og Ulstein.

På grunn av utfordringane med pandemien vart ikkje tilsynsrunde nr. 2 med kommunal beredskapsplikt med alle kommunane fullført før i 2022, med kommunane Ålesund, Molde og Krsistiansund.

Tilsynsrapportane med eksisterande kommunar, etter kommunereforma, er tilgjengelege i høgremargen. Det det til ein kvar tid siste gjeldande tilsynsrapport for kvar kommune som ligg her. Dei nyaste ligg nederst.

For tilsyn i 2023 viser vi til tilsynskalenderen