Om oss

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og arbeider for at Stortinget og regjeringa sine vedtak blir følgde opp i Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Sist endret 18.11.2021

Vi tar vare på Rogaland

"Vi tar vare på Rogaland ved å leggje til rette for utvikling og medverke til å samordne statleg verksemd i fylket. Statsforvaltaren arbeider til beste for alle som bur i fylket. Det gjer vi ved å behandle sakene rett og raskt og ha ein open og imøtekommande haldning til alle som vender seg til oss."

statsforvaltar Bent Høie  

 

Statsforvaltaren representerer dei fleste departementa og fleire direktorat, har sentrale tilsyns- og kontrolloppgåver retta både mot kommunar og private og skal dessutan samordna statleg verksemd i fylket.

Statsforvaltaren har såleis eit mangfald av roller og funksjonar. Desse kan oppsummerast slik:

  • Vera bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggarar
  • Utøva myndigheits-, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonar
  • Medverka i fornyings- og utviklingsarbeid

Klikk her for informasjon om dei andre statsforvaltarane. 

Statsforvaltar Bent Høie

Bent Høie (f. 1971) er statsforvaltar i Rogaland. Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann, nå statsforvaltar, i Rogaland. Høie tiltredde 1. november 2021.

Bent Høie var helseminister frå 2013 til 2021 i Solberg-regjeringa. Han var stortingsrepresentant for Rogaland i perioden 2000–2021 og var mellom 2010 og 2020 andre nestleiar i Høgre.

Høie har særleg markert seg som helse- og sosialpolitikar. Før han blei statsråd i regjeringa, var han leiar for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget mellom 2009 og 2013.

Starta i lokalpolitikken i heimfylket

Høie starta si politiske karriere i heimfylket Rogaland. Han var innvalt i fylkestinget frå 1991 til 2003. Han leia Rogaland Unge Høyre frå 1990 til 1992. Han var kommunestyremedlem i heimkommunen Randaberg i 1991–1995 og seinare bystyremedlem i Stavanger i 1999–2003.


Kommunar i Rogaland


Miljøfyrtårn

Fylkesmannen i Rogaland er eit miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentera miljøinnsatsen sin og visa samfunnsansvar. 


Aktuelt

VISJONEN VÅR

Vi tar vare på Rogaland

VERDIANE VÅRE

Open

Tydeleg

Truverdig