Søknad frå Skagerak Varme AS om løyve etter forureningslova til brenning av returtrevirke i Tønsberg

Høringsfrist:
25. november 2020

Skagerak Varme AS søkjer om løyve etter forureningslova til forbrenning av returtrevirke ved eksisterande varmesentral på Kilen. Varmesentralen leverer varme til fjernvarmenettet i Tønsberg.

Publisert 20.10.2020

Dagens brensel beståande av skogsflis planleggjast erstatta av ei blanding av skogsflis og sortert/kvalitetssikra returtrevirke (RT-flis). Verksemda regulerast no av krav i forureiningsforskrifta kapittel 27 om forureiningar frå forbrenningsanlegg med reine brensel. Returtrevirke er trevirke som har vore i bruk og som kan innehalde forureiningar, blant anna frå overflatebehandling i form av maling og lakk. Det definerast ikkje som reint brensel. Brenning av returtrevirke må regulerast i eit løyve etter forureningslova. Skagerak Varme AS søkjer om å blande inn opptil 50 prosent RT-flis, tilsvarande om lag 15 000 tonn per år.

Utslepp til luft vil vere eit hovudtema for regulering i eit løyve. Utsleppsforhold og -målingar, spreiingsberekningar og luftkvalitet, reinsetiltak og kvalitetskontroll av brenselet m.v. er nærare omtala i søknadsdokumenta.

Søknadsdokumenta finn du i menyen til høgre.

Høyringsfrist er 25. november 2020.

Eventuelle merknader til søknaden kan du sende til:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på epost til fmvtpost@fylkesmannen.no