Eigenberedskap

Om straumen vert borte eller du vert isolert av dårleg vêr, bør du vere rusta til å klare deg sjølv nokre dagar. Myndigheitene bes oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva for konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din famile kan handtere dette.

Finn gjerne ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tri fyrste døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiena tilgong til informasjon. Mange av oiss har allereie ein god del av det me treng for å klare oss i nokre dagar, så det er ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål. Sjå lenka til høgre for god informasjon om eigenberedskap.