Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontora

Søknadsfrist:
1. februar 2020
Målgruppe:
sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
NAV-kontor
Rapporteringsfrist:
1. februar 2021

Søknad om tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontora for 2020 skal vere hos Fylkesmannene innan 1. februar. Me gjev rettleiing til søknaden ved førespurnad. Ei invitasjon til møte om oppfølgjing til dei kontora som mottek tilskot kjem seinare.

Publisert 13.01.2020

Kva for lokale utfordringar kan dette utviklingstilskotet vere med og bøte på?

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova. Det overordna målet er eit heilskapleg og samordna tenestetilbod som er tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene og gjennom dette ei betring i levekåra. Tenestene skal utformast slik at brukarane kan få eit høve til å gjere seg nytte av arbeidsevna si, slik at flest mogleg kjem i løna arbeid og får behalde tilknytinga til arbeidslivet over tid.

Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.

Følgjande utviklingsområde blir særskilt prioriterte i 2020

  • bruk av ordinært arbeidsliv
  • oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar
  • sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv

Vi presiserar at det ikkje gis tilskot til:

  • kommunar som mottek programfinansiering gjennom 0-24 satsinga og som søker om tiltak til same målgruppe
  • iverksetting av ferdig utvikla metodar og arbeidsmåtar
  • søknader som berre omtaler ei auke i kapasiteten i tenesta
Søknadsfrist:
1. februar 2020
Målgruppe:
sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
NAV-kontor
Rapporteringsfrist:
1. februar 2021