Omsorgskonferansen

Dato:
10. september 2019 09:00 - 11. september 2019 15:30
Stad:
Scandic Parken, Ålesund
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til den årlege Omsorgskonferansen, den 10.-11. september på Scandic Parken hotell i Ålesund.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerer Omsorgskonferansen 2019

Tid: 10.-11. september 2019

Stad: Scandic Parken, Ålesund

I år er det kvalitetsreforma for eldre «Leve hele livet» som er tema. Arbeidsgruppa er det regionale støtteapparatet, som er Fylkesmannen i Møre og Romsdal, KS og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenesta samt eldreråd/pensjonistforbundet.

Målet er at omsorgskonferansen skal bidra til: 

  • inspirasjon og begeistring
  • mobilisering og engasjement
  • spreie kunnskap om kvalitetsreforma—innhald og verkemiddel
  • erfaringsdeling
  • auka fokus på brukarmedverknad
  • auka fokus på eigenmeistring — ta ansvar for eige liv

 Programmet er førebels. Men oppbygginga av konferansen er

  1. Hovudtema/nasjonale føringar
  2. Parallell sesjonar som vil ha fokus på metode/verktøy som kommunane kan ta i bruk, husk å huk av for aktuelle parallellsesjon under påmeldinga
  3. Paneldebatt

Målgruppe:

  • Ordførarar, rådmenn, leiarar på alle nivå i kommune—og spesialist helsetenesta
  • helse- og sosialfagleg personell, frisklivs- og frivilligsentralar, ansvarleg for planarbeid
  • pårørande, pårørandeforeiningar og brukarorganisasjonar , samt frivillige organisasjonar
  • universitet, høgskular, vidaregåande skular
  • Andre sektorar i kommunen
  • politikarar, næringsliv og andre interesserte

Økonomi:  Konferansen er gratis.  Den enkelte må betale hotell, dagpakke, middag om kvelden sjølve direkte til hotellet, helst ved oppstart. For prisar, sjå eget avsnitt.

Prisar:

  • Deltaking med dagpakke 10. september, kr 585,-
  • Deltaking med dagpakke 11. september, kr 585,-
  • Deltaking begge dager med dagpakke, kr 1170,-
  • Deltaking begge dager inkl overnatting og alle måltid, kr 2130,-
  • Middag om kvelden 10. september (påmelding her gjeld kun for dei som ikkje bur på hotellet), kr 525,-

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 11. august 2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 65.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Påmelding

Deltaking
Parallell sesjoner dag 1
Parallell sesjon dag 2
Middag 10. september
Eiga stadfesting
Legg til i eigen kalender
Dato:
10. september 2019 09:00 - 11. september 2019 15:30
Stad:
Scandic Parken, Ålesund
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal