Fagdag om fagfornyinga

Dato:
19. november 2019 09:30 - 15:30
Stad:
Scandic Seilet, Molde
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Skuleeigarar, skuleleiarar, lærarspesialistar/lærarar, representanter frå UH-sektoren og PPT
Påmeldingsfrist:
17.10.2019 23:59:00

Fylkesmannen inviterer saman med Utdanningsdirektoratet til ein fagdag om fagfornyinga.

 

Som eit ledd i arbeidet med fagfornyinga og utarbeiding av nye læreplanar i fag har utdanningsdirektoratet utarbeidt fleire digitale støtteressursar som lærarane kan nytte seg i arbeidet med å forstå og sjå samanhengen mellom ulike kjerneelement i læreplanane.

For å utvikle og sikre eit godt tolkingsfellesskap inviterer vi til ein fagdag med fokus på fagfornyinga og dei nye læreplanane i grunnskulen.

Representantar frå Utdanningsdirektoratet vil halde dei faglege innlegga. Sjå førebels program for meir informasjon om tema for dagen.

Dato: 19. november 2019

Tid: 10.00 – 15.30 (Registrering frå 9.30)

Stad: Scandic Seilet, Molde

Målgruppe: Skuleeigar, Skuleleiarar, lærarspesialistar/lærarar, representantar frå UH-sektoren og PPT.

Økonomi:  Fylkesmannen dekker kostnadene for fagdagen, men ikkje reise og evt. overnatting.

Påmelding: Påmeldinga er no stengt, og det vert ikkje høve til etterpåmelding.

Påmeldinga er bindande. Ved fråfall etter påmeldingsfristen som var 17. oktober, oppmodar vi å sende ein annan i ditt sted.  Fråfall som ikkje vert meldt innan 1. november, vert fakturert.

Stadfesting: Du mottok automatisk stadfesting direkte på din epost når påmeldinga vart gjort. Om du ikkje mottok slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.

Om du har andre spørsmål knytt til påmeldinga di, kan disse rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Legg til i eigen kalender
Dato:
19. november 2019 09:30 - 15:30
Stad:
Scandic Seilet, Molde
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Skuleeigarar, skuleleiarar, lærarspesialistar/lærarar, representanter frå UH-sektoren og PPT
Påmeldingsfrist:
17.10.2019 23:59:00