Rovviltskade

Husdyr på utmarksbeite kan bli utsett for angrep frå freda rovvilt. I Møre og Romsdal er det jerven som er den største skadevaldaren på sau, etterfulgt av gaupe og kongeørn.

Funn av kadaver – er dette rovviltskade?

Ved funn av daude husdyr der du mistenker rovviltskade, skal det med ein gong meldast frå til Statens naturoppsyn (SNO) sin rovviltkontakt som gjennomfører kadaverundersøkelse, og dokumenterar rovviltskade.

  • Meld frå til rovviltkontakten, uansett tilstand på kadaveret
  • Ta bilete av kadaveret
  • Stadfest kadaveret på kart eller med GPS. Merk eventuelt staden for lettare å finne att kadaveret i felt.
  • Dekk til kadaveret slik at åtseletarar ikkje når til (ikkje bruk plast)

Alle kadaver vert registrert i Rovbase, og melding med konklusjon i saka vert sendt dyreeigar. Konklusjonen frå kadaverundersøkelsen vert lagt til grunn når Statsforvaltaren handsamar søknader om erstatning for rovviltskade. Det er difor viktig at også mulig rovviltskade vert meldt inn til SNO.

Kontaktinformasjon til lokal rovviltkontakt finn du i høgremargen.

Skadefelling

Dersom rovvilt gjer skade på eller drep husdyr, kan Statsforvaltaren av eige tiltak eller etter søknad gje løyve til skadefelling av freda rovvilt (i perioden 1. juni til og med 15. februar). Løyve til skadefelling kan gjevast innafor fastsatt kvote av rovviltnemnda eller Miljødirektoratet. Fellingsløyve kan berre gjevast dersom det ikkje fins anna tilfredsstillande løysing for å hindre eller redusere vidare tap ut frå prinsippet om ei arealdifferensiert forvalting. Før Statsforvaltaren innvilgar skadefellingsløyve skal det takast særleg omsyn til:

  • Området si betydning som beitemark
  • Skadene sitt omfang og utvikling
  • Potensialet for framtidige skader
  • Mogelegheitene til å gjennomføre førebyggande tiltak

Felling skal vere retta mot bestemte individ og vere avgrensa både til eit bestemt område og tidsrom. Der det er oppretta kommunale skadefellingslag, vil Statsforvaltaren nytte dette, og tildele økonomisk ramme for godtgjering av fellingsforsøket.

Statsforvaltaren har oppretta eit eige telefonnummer (9092 6016) som ein kan ringe ved akutte situasjonar utanfor arbeidstid og i helgene. Telefonen er ikkje bemanna i tidsrommet mellom kl 20 og kl 8.

 

Rovvilttelefon - beredskap

Statsforvaltaren har eit telefonnummer som kan brukast ved akutte rovvilthendingar i beitesesongen.

Telefonnr:

9092 6016

Telefonen bemanna mellom kl 8 og 20.